
HSF tilbyr to nye, spesialiserte reiselivsutdanningar innafor reiselivsmarknadsføring og opplevingsturisme midt i hjarta av eit av verdas fremste reisemål – fjord-Norge!
STUDIET
Studiet er ei yrkesretta utdanning innafor reiseliv som gir moglegheiter for utanlandsopphald og praksisopphald i næringa. Fyrste halvdel av studiet omfattar grunnleggande reiselivs-kunnskap,marknadsføringsfag og økonomisk/administrative fag. I siste halvdel av studiet vel ein mellom to nye reiselivsfaglege fordjupingsretningar:
Eige samarbeidsforum med reiselivsnæringa i tillegg til ekskursjonar, bedriftsbesøk og gjesteforelesarar frå næringa gir oppdatert kunnskap om næringa for studentane og fagmiljøet ved skulen.
Reiselivsstudiet samarbeidar tett med andre fagmiljø ved skulen innafor bl.a. idrett, friluftsliv, naturfag, språk og økonomi, i tillegg til fagmiljøet ved Vestlandsforsking. Høgskulen og Vestlandsforsking planlegg eit forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv som saman med styrkinga av reiselivsstudiet sikrar eit solid reiselivsfagleg miljø ved HSF.
» Studietilbodskatalogen - introduksjon til årsstudiet
Sist endra av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:27:13
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:27:13
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane