07 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Organisasjon og leiing

Hos oss kan du studere organisasjon og leiing på ulike nivå, frå mastergrad til årsstudium og vidareutdanningar.

Mastergradstudiet i organisasjon og leiing rettar seg mot folk i yrkeslivet som har fått eller vil kvalifisere seg til ei leiarstilling. Er du ein sjukepleiar som ser utfordringar i korleis vi organiserer helsestellet vårt? Er du ein lærar som vil meistre leiing, eller kanskje ein sosionom som kan tenkje seg å stige i gradene? Masterstudiet opnar nettopp for ei slik yrkesnær leiarutdanning. Også du som er saksbehandlar eller leiar i dag, får tryggare plattform og meir innsikt i faglege utfordringar knytte til leiing- og omstillingsarbeid. Målgruppa er personar med avslutta grunnutdanning og praksis frå sektorane.

Studiet kan takast på deltid over fire år samstundes som ein er i arbeid, eller på heil tid over to år. Sentrale emne er organisasjonskunnskap, leiing og læring i organisasjonar, økonomistyring, forvaltningsrett og forskingsmetode. Studentane kan velje mellom spesialisering i utdanningsleiing eller helse- og sosialleiing. I siste delen av studiet skriv studentane ei masteroppgåve som tilsvarer eit halvt års arbeid. Studiet er bygt opp rundt varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar i tilegg til vanlege førelesingar og skriftlege oppgåver undervegs.

Årsstudiet i organisasjon og leiing rettar seg mot deg som ønskjer å lære om ulike typar organisasjonar, og leiing av desse. Dette kan vere ei påbygging på anna utdanning eller del av eit bachelorstudium innan til dømes samfunnsfag eller økonomi og administrasjon. Første semester har fokus på organisasjon, medan det i andre semester er fokus på leiing. I studiet inngår det òg ei semesteroppgåve på 10 studiepoeng. Studiet kan takast på heil tid, men er og godt eigna til å ta som deltidsstudium over to år.

Vidareutdanningar i organisasjon og leiing omfattar tre ulike studium. Årsstudia i helse- og sosialleiing og i utdanningsleiing er identiske med første året av masterstudiet og har same rekrutteringsgrunnlag som desse. Halvårskurset i organisasjon og leiing for førskulelærarar inngår som valfag i tredje året i førskulelærarutdanninga, men kan også takast som vidareutdanning for ferdige lærarar og førskulelærarar.



Sist endra av: Tom N. Pedersen, 01. juni 2007 14:17:32
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:23:29

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane