15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Studiestaden Førde

Klikk for større bilete

Førde er med sine 11.000 innbyggjarar fylkessenteret i Sogn og Fjordane. Sjukepleie- og ingeniørstudentane plussar på innbyggjartalet med vel 500. Høgskulen held til i nytt bygg på Vie.

Studentsamfunneti Førde er aktivt som aldri før. I nybygget på Vie er det studentkro, og studentsamfunnet står også bak mange andre aktivitetar.
Studentane i Førde har gjennom medlemskap i Studentsamfunnet tilgang til storstova i Førde, Førdehuset. Dette er kulturhuset i Førde, som rommar idrettshall, symjehall, teater, kino og bibliotek m.m. Førde har elles eit aktivt idrettsmiljø med størst fokus på volleyball og fotball.
Den storslegne naturen i og rundt Førde gjer det spennande og utfordrande å ta seg fram til fjells og til skogs, sommar som vinter. Etter ti minutt i bil er du framme ved dei fleste turområda og skitrekka. Eller, etter ein halvtime kan du vere ved havet.

»  Studentvelferd
 


Sist endra av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:06:52
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:06:52

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane