15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Studiestaden Sogndal

Klikk for større bilete

Sogndal har eit stort kunnskaps- og utdanningsmiljø og er ein vel tilrettelagt studiestad med korte avstandar til det som er viktig. Bortimot 2000 studentar innimellom 6000 fastbuande gjer Sogndal til eit samfunn med svært ungdommeleg befolkning og pulserande liv. Dei fleste studentane bur i gåavstand til høgskulen.

Studenthuset MEIERIET vert drive av Studentsamfunnet i Sogndal og har ei av dei aller bestene scenene i landet. Sogndal er ikkje berre ein stad med unike moglegheiter for å studere idrett og friluftsliv, men ein stad der det ligg godt til rette for å drive slike aktivitetar på fritida.

Studiemiljøet er mangfaldig, og du vil møte studentar med mange ulike interessefelt.

Studentorganisasjonane i Sogndal

»  Studentsamfunnet i Sogndal
 
»  Sjøspretten - dykkarklubb
 
»  Lurkarlaget - friluftslivsorganisasjon
 
»  Studentspretten - studentidrettslaget
 


Sist endra av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 11:41:33
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 17:27:02

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane