15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Studiestaden Sandane

Klikk for større bilete

På Sandane har høgskulen eit studiesenter - Studiesenter Sandane.

Høgskulen bruker studiesenteret til vidareutdanningar og grunnutdanningar på deltid.

Studiesenter Sandane er derfor prega av «godt vaksne» studentar som meiner at ei veke på Studentsamskipnaden sine internat gir mykje læring og personleg utvikling. Lenke til meir informasjon om internatet er nedst på sida.

Gode nye lokale med godt utstyrt læresenter er tilgjengeleg for studentane 24 timar i døgeret

Studiesenter Sandane

6823 Sandane

Tlf: 57 86 68 00

Faks: 57 86 68 01

Høgskulen har eit tett samarbeid innan spesialpedagogikk med Søreide kompetansesenter som er statleg spesialpedagogisk kompetansesenter for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Master i spesialpedagogikk har si faglege forankring ved Universitetet i Oslo.

Det er til ei kvar tid om lag 150 studentar som tek utdanning ved Studiesenter Sandane.

Sandane er kommunesenter i Gloppen kommune i Nordfjord, ein livskraftig kommune med nær 6000 innbyggjarar. Sandane er ein tradisjonsrik skulestad der Firda vidaregåande skule har spelt ei viktig rolle gjennom generasjonar. Frodige jordbruksområde og masse urørt natur i skjønn foreining omgir tettstaden.

Læresenteret på Sandane er godt utstyrt

»  Studentvelferd
 
»  Studentinternat - Sandane
 


Sist endra av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:08:06
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:08:07

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane