Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

IT-teneste og bruk av høgskolens datautstyr

Høgskolen har godt utbygd datanett og er knytt til internett via UNINETT’s høgkapasitet linjenett som gir svært gode høve til informasjonsutveksling med andre høgskolar, universitet, forskingsinstitusjonar og andre rundt om i verda.

Studiestad Bø har over 160 IT-arbeidsplassar tilgjengeleg for studentane. Studentar som reknar med å bruke mykje tid ved datamaskina, vil vere best tente med å ha tilgang til ei maskin også utanfor høgskolen. For dei som bur på studentsamskipnadens (SiTel) hyblar, er det mogleg å kople eigen pc til internett via SiTel’s lokalnett som er knytt opp mot høgskolens nett. Det gir tilgang til vanlege internettenester som E-post og Web. Også ein del private hyblar har tilsvarande tilbod. For dei som har berbare PCar, er det mogeleg å nå tilsvarande internettenester via det trådlause nettet i høgskolebygget.

Brukarkonto opprettast automatisk for alle studentar som er registrert som opptekne ved høgskolen, men brukarkontoen må aktiverast. Det gjer studenten sjølv ved hjelp av ei eiga side på høgskolen sin web-tjenar eller ved å kontakte IT-tenesta på studiestaden.  Ved aktivering av brukarkontoen stadfestar studenten at han/ho vil følgje dei retningslinjer som gjeld for bruk av datanettet. Reglar for bruk av høgskolens datautstyr er lagt ut på høgskolen sine web-sider. Her er og info om dei forskjellige tenestar høgskolen har for at studentane lett skal få tilgang til eigne data utanfrå, samt info om utskrift og kostnader knytt til dette.

 IT-tenesta har ei rettleiarteneste utanom ordinær arbeidstid. Det vil såleis alltid vere ein IT-ansvarleg til stades når IT-avdelinga er open, og som studentane kan kontakte dersom dei har problem med bruk av dataverktøy o.l. Denne tjenesta vil også kunne hjelpe studentar med å få eigne maskinar kobla til høgskolens trådløse nett som dekker høgskolebygget og delar av Gullbring kulturanlegg. (Sjå ellers etter oppslag i IT-gangen)

Lenke til " IT-tjenester for studenter"