Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Eksamen

Nytt ved oppmelding til eksamen hausten 2005 er at du ved studiestart høsten 2005 sjølv må melde deg opp til alle obligatoriske emne ved det studiet du er tatt opp ved, jf. studieplanen din i Studiehandboka, som du finn på avdelinga si nettside.

Alle som har valemne på studieplanen sin, eller som ønskjer å ta tilleggsemne må i tillegg melde seg opp i desse. Oppmeldinga må vera gjort innan 20. september /20 februar via Arena høgskole. Du melder deg da på emne, ikkje på eksamen. Vi overfører emnepåmeldinga til eksamenspåmelding. Vil du trekke deg frå eksamen, må du gjere det innan 7 dagar før eksamen, via Arena høgskole.

Informasjon om eksamen i haustsemesteret blir slått opp på tavla utanfor Eksamenskontoret i første etasje. Eksamensforskrifter finn du på våre nettsider.

Eksamensresultat blir lagt ut på Arena og hengt opp på tavla utanfor Eksamenskontoret. Resultata blir ikkje opplyste over telefon. Det same gjeld kandidatnummer.

Førebels eksamensplan

Førebels eksamensplan blir slått opp på eksamenstavla rundt semesterstart. Endeleg eksamensplan blir slått opp på eksamenstavla i midten av oktober/mars. Oversikt over kva for emne det blir arrangert ekstraordinær eksamen (konte) i, vil du finne på den endelege eksamensplanen. Meld frå om kollisjonar og endringsønske så snart som mogeleg, og seinast 20 september(haust)/20 februar(vår). Manglar det emne, meld frå med ein gong.

I einskilde emne kan det vere obligatoriske innleveringar som både tel og ikkje tel med i sluttkarakter. Fagansvarleg informerer om dette, og det står omtala i studiehandboka, og på eventuelle kursheimesider på nettet. Har du ikkje levert obligatoriske oppgåver, kan du ikkje gå opp til eksamen. Ver merksam på at dersom du ikkje trekker deg frå eksamen, gjeld det som eksamensforsøk. Trekk frå eksamen gjer du via Arena høgskole.

Hugs å melde deg opp til konteeksamenar sjølv om dei ikkje står på førebels eksamensplan. Om det blir konte avheng av kor mange som melder seg opp. Oppmeldingsfrist er 20. september(haust)/20 februar(vår).Konteeksamenar melder du deg opp til på eksamenspåmelding.