Nye samarbeidsavtaler med Kina
- Kina holder åpne dører for Telemark
- HiT-dialog med Kina om psykisk helse (11.06/2007)
- Stipend til studier i Kina og Norge (22.05.2006 )
- Kinesisk delegasjon besøkte HiT (22.05.2006 )
Høgskolen i Telemark underteikna samarbeidsavtaler innan både miljøteknologi og helsefag under "Norway-Hubei Week 2007" nyleg. Arrangementet blei avvikla i provinshovudstaden Wuhan.
Telemark dominerte dette arrangementet med ein stor delegasjon leia av fylkesordførar Gunn Marit Helgesen. Både offentlege myndigheter, næringsliv, sjukehuset og høgskolen var representert i delegasjonen.
Høgskolen underteikna avtaler om forskingssamarbeid om biogass og avfallshandtering og om aldring, eldreomsorg og psykisk helse.
Utveksling av studentar mellom universitet i Wuhan og Høgskolen i Telemarks nye mastergradsstudium i forebyggjande arbeid blant barn og unge blir truleg etterkvart også resultat av avtalene.
Som Frankrike
Høgskolen i Telemark rekrutterer allereie studentar frå Hubei-provinsen til sine teknologistudium i Porsgrunn.
Gjennom dei nye samarbeidsavtalene er det nå opna for utvida samarbeid mellom HiT og universitet i Hubei.
Telemark fylkeskommune er den formelle norske samarbeidspartnaren for myndighetene i Hubei-provinsen i Kina.
Provinsen har rundt 60 millionar innbyggjarer - altså som eit land på storleik med Frankrike.
Nettverk
Målsettinga for arrangementet "Norway-Hubei Week 2007" var å utvikle gode nettverk mellom Norge og Hubei.
For Telemark var det storstilte arrangementet eit ledd i å styrke det eksisterande samarbeidet, kompetanseutvekslinga og næringslivskontaktane med den store kinesiske provinsen aust i landet.
Også den norske ambassaden i Beijing og generalkonsulatet i Shanghai støtta opp under arrangementet.
Gjennom dei siste par-tre åra har det vore fleire delegasjonsbesøk og gjenbesøk mellom Telemark og Hubei.
Ros
- Vi fekk svært mykje positiv respons også frå offisielt kinesisk hald under Norway-Hubei Week 2007, seier rektor Dag K. Bjerketvedt ved Høgskolen i Telemark.
- Samarbeidet har utvikla seg enda raskare og betre enn vi trudde. For oss i høgskolen var Norway-Hubei Week 2007 i tillegg nyttig for å styrke kontakten med våre eigne samarbeidspartnarar i Telemark.
- Den norske ambassaden ga også ros til fylkeskommunen for det aktive engasjementet Telemark har overfor Hubei-provinsen, understrekar han.
Seminar og fagdag
Avdeling for teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark var under Norway-Hubei Week 2007 ansvarleg for eit seminar om miljø- og energiteknologi.
Tilsvarande sto Avdeling for helse- og sosialfag saman med sine kinesiske samarbeidspartnarar bak eit helseseminar.
Sjå også:
HiT-dialog med Kina om psykisk helse
