Mot NM for studentbedrifter
Onsdag arrangerer både Buskerud, Vestfold og Telemark eigne meisterskap for studentbedrifter. Alle tre arrangementa skjer samla ved Høgskolen i Telemark - Porsgrunn.
Tre av Høgskolen i Telemark sine bedrifter går vidare til NM.
Det er for å få eit enda breiare miljø og felles inspirasjon at dei tre fylkesmeisterskapa nå er samlokalisert.
Det blir kåra vinnarar som Beste studentbedrift 2007 for kvart av fylka Buskerud, Telemark og Vestfold.
Desse blir med dette også nominert til nasjonalt meisterskap i april.
HiT heilt til topps i fjor
I NM i fjor gjorde studentbedriftene frå Høgskolen i Telemark nærast reint bord.
Den eine - Flush SB - gjekk også til topps i europameisterskapen. Til saman var det 600 studentbedrifter som da deltok, og 13 hadde kvalifisert seg til EM-finalen i Maastricht.
Også året før gjekk ein studentbedrift frå HiT til topps i NM.
Fjorårsresultata gjer at HiT har ein kvote på tre deltakarar til NM i april, ein meir enn andre høgskolar og universitet.
Møteplass
Den felles fylkesmeisterskapen i Porsgrunn onsdag er også ein møteplass og markadsføringsarena for studentbedriftene.
Vinnaren av Telemarksmeisterskapen for studentbedrifter får ein pengepremie på 5000 kroner, nr. 2 får 3000 og nr. 3 får 2000 kroner.
Program:
10.00 – 10.15 Opning
10.30 – 11.30 ”To minutter til å overbevise!” Studentbedriftene presenterer forretningsidéen for jury og publikum.
11.30 – 12.00 Lunsj for deltakarane
12.00 – 15.00 Presentasjon på stand
15.00 – 15.30 Avslutning og premieutdelingar
Kva er studentbedrift?
- Studentbedrift er ein metode som gir studentane muligheter til å starte og drive eigen bedrift innanfor trygge rammer. Studieopplegget kan gjennomførast som ein del av studia eller i tilegg til studia.
- Å drive ein studentbedrift gir kunnskapar og kompetanse innan bedriftsetablering, økonomi og verdiskaping. I tillegg får studentane verdifull trening i nettverksbygging, samarbeid, problemløysning, kreativitet og idéutvikling.
- Studentene vil gå gjennom prosessar som å utarbeide forretningsplan, innhente kapital, danne bedriftens styre, registrering i Brønnøysund, marknadsføring og sal, årsrapport, og med tida avvikling av studentbedriften. Drifta foregår med rettleiing frå personer ved høgskolen/universitetet, og med ein eller fleire mentorar frå lokalt næringsliv.
