Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Eit dykk inn i biletboka

Eit dykk inn i biletboka

Bildebokkonferanse 20.- 21. september
Ansvarlige for konferansen (får venstre) instituttleder Anne Glenna, førstesekretær Tonje Brokke, bibliotekar Cecilie Fossli og faglig ansvarlig for konferansen og høgskolelektor Elisabeth Johannesen.
Bildebokkonferanse

Høgskolen i Telemark inviterer til Bildebokkonferanse 20.- 21. september. Biletboka er ein spennande sjanger som i dei siste åra har gjennomgått ei kunstnarisk fornying og såleis fått eit lyft.

Målet med konferansen er å motivere, inspirere, engasjere og å gi eit fagleg blikk på sjangeren som kombiner verbaltekst og bilete.

Det virke som om sjangeren har vore - og framleis er ein kunstnarisk boltreplass for dei som har lyst til å eksperimentere innanfor litteratur og biletkunst.

- Eg trur nok veldig mange allereie har gjort seg kjend med biletboka og at mange har oppdaga bøkane sin verdi, men alle trengjer fagleg og didaktisk påfyll og inspirasjon, seier Elisabeth Hovde Johannesen, høgskulelektor i norsk ved Høgskolen i Telemark, og fagleg ansvarleg for konferansen.

Invitasjonen går dermed ut til forskulelærar og lærarar i barnehage og skule, men også til forelesarar ved høgskular, universitet, bibliotekarar og elles andre som måtte ha interesse for fagfelt som litteratur, biletkunst, barn og barnekultur.

Høgskolen i Telemark kan tilby to dagar med tettpakka program. Dei fleste av gjestefôrelesarane vil vere kjende slik som Iben Sandemose og Svein Nyhus. Dei har begge lang fartstid innan biletboksjangeren og har dessutan ein stor tilhengjarskare blant lesarane. I tillegg dyktige fagfolk både frå høgskulen og utanfor halde innlegg.

Konferansen er den fyrste i rekkja av det som kan bli ei årleg hending ved Høgskolen i Telemark, studiestad Notodden.

Påmeldingsfristen er måndag 17. september 2007.