Kopiering
Du kan ta kopiar ved bruk av kopikort. Kopikort må du kjøpe i kopisenteret i underetasjen på høgskolen. Høgskolen har kopimaskinar i biblioteket, IT-fløya og teorifløya i 3. etasje. Desse kopimaskinene skal ikkje brukast til transparentar, slik kopiering får du utført ved å vende deg til kopisenteret.
Kopiering av studentoppgåver
Feltarbeid med rapport 30 studiepoeng kultur, GIS og masteroppgåver, skal leverast til eksamenskontoret i 1. etasje. Oppgåva skal leverast i 3 eksemplar, eitt av desse i lause ark.
Kopisenteret kopierar desse vederlagsfritt. Kvar student får eit eksemplar.
Framsidemal finn du på: http://www.hit.no/main/af/administrasjon_boe/maler.
