Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner allmenvitenskaplige fag
HiT / AF / Studieguide / Opningstider Nøkkelkort

Opningstider Lokale Nøkkelkort

Opningstider

I semesteret er bygget ope til desse tidene:

måndag - fredag

kl 07.30 - 21.00

laurdag

kl 10.00 - 17.00

Lokale

Hovuddelen av undervisninga skjer i høgskolens lokale. I tillegg disponerer høgskolen lokale i Gullbring kulturanlegg. Høgskolebygget inneheld kantine, auditorium, seminarrom, grupperom, bibliotek, lesesal og spesialrom av ulike slag. Bygget har tre høgder og er delt inn i seks fløyar. Kvart rom er merkt med eit firesifra nummer. Sifferet før bindestrek viser kva for ei av dei seks fløyane rommet ligg i, første siffer etter bindestreken viser til etasje.

Studentekspedisjon og eksamenskontor ligg ved hovudinngangen. Fagpersonalet og avdelingsadministrasjonen har kontora sine i fløy 1 og 2.

På ulike stader i bygget er det bokskåp som studentane fritt kan bruke, skapa må tømast før sommarferien. I underetasjen har studentar tilgang til eit trimrom mot å betale kr 300 pr år. Adgangskort får ein ved å vende seg til ekspedisjonen.

Studentsamskipnaden (SiTel) held til i 1. etasje nær ekspedisjonen. Studentrådet har kontor i 2. etasje i teorifløya i høgskolebygget.

Nøkkelkort

Studentkortet kan nyttast som nøkkelkort. For utlevering av PIN kode, ta kontakt med ekspedisjonen. Nøkkelkortet er gyldig frå 15. september til 25. juni og gjeld for tilgang til IT-labar, lesesal, grupperom og andre fellesarealer i bygget. Nøkkelkort gir tilgang til bygget fram til kl 23.30 alle dagar.

Gullbring kulturanlegg

I Gullbring kulturanlegg blir Storsalen, Kinosalen, Galleri Stadskleiv, Oppåstugo og Kåvån nytta til forelesingar. Idrettshallen og symjehallen blir nytta til idrettsaktivitetar på idrettstudiet, og til aktivitetar i regi av studentidrettslaget HiT IL.

Kro- og velferdslokale

Desse ligg ca. 1 km frå Bø sentrum mot Gvarv. I tillegg til stort kro- og konsertlokale, er det intimpub, kontor og møterom for dei ulike studentlaga.

Idrettsanlegg

Høgskolen har eit moderne idrettsanlegg (nytt i 2003). Anlegget inneheld fotballbane, løpebane og friidrettsfasilitetar med kunststoffdekke, sandvolleybanar og asfaltert ballbane til handball, tennis og basket. Den asfalterte ballbanen har flomlys og blir islagt om vinteren. Frå hausten 2007 får vi også eit treningsanlegg til golf. Dette består av 2 greenar med kunstgras, 4 utslagsplassar og "drivingbur".