Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Folkemusikk-konferanse

Stor folkemusikkonferanse ved Høgskolen i Telemark

Både teori og utøvande verksemd er innhaldet for dei rundt 120 folkemusikkstudentane som nå er samla til den internasjonale konferansen i Rauland

Rundt 120 folkemusikkstudentar er denne veka samla i Rauland til den årlege NORDTRAD-konferansen ved Høgskolen i Telemark.

Dette er studentar frå folkemusikkutdanningane i dei nordiske landa i tillegg til gjester frå Slovakia, Ungarn, Irland og England.

Bak dette store arrangementet står folkemusikk- og folkekunststudia ved Høgskolen i Telemark. Konferansen er den niande i rekkja, og vil i år - i tillegg til konsertar og musikkverkstader - sjå nordisk tradisjonsmusikk i eit fleirkulturelt og europeisk perspektiv.

Oversiktsprogram:

Onsdag, 14. april,
kl. 19.30

Konsert med lærarar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane og gjester frå Slovakia, Ungarn, Irland og England.

Torsdag, 15. april,
kl. 19.30

Konsert med studentar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane.

Fredag, 16. april,
kl. 19.30

Konsert med studentar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane.

Laurdag, 17. april
kl. 11.00-17.00
kl. 12.00-17.00

Handverksutstilling og marknad
Open scene. Nordiske folkemusikkstudentar presenterar resultat frå arbeid i musikkverkstader.

NORDTRAD er eit nettverk som består av høgskolar og konservatorium i Norden og i Baltikum med tilbod om høgare utdanning i folkemusikk. Nettverket arrangerer årleg eit nettverksmøte (intensivkurs) for studentar og lærarar.

NORTRAD-nettverket blir koordinert av førstelektor Frode Nyvold ved Høgskolen i Telemark

Sjå:
NORTRAD (Heimeside)