Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

PhD-programmet i språkvitskap

Ein kan oppsummere PhD-studiet i språkvitskap med følgjande tre punkt:

  1. Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
  2. Opplæring i vitskapleg teori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til fagdisiplinane
  3. Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon

Språkvitskap omfattar etablerte humanistiske disiplinar som anvendt språkvitskap, engelsk, fonetikk, fransk, gresk, latin, lingvistikk, nordisk og tysk. Gjennom PhD-studiet i språkvitskap ved Det historisk-filosofiske fakultetet, NTNU, får du moglegheit til å spesialisere deg i eitt av desse fagområda. Fagområda blir òg studerte gjennom forskjellige tverrfaglege perspektiv og innafor rammene av breie, multidisiplinære prosjekt. PhD-programmet i språkvitskap er òg opent for kandidatar med bakgrunn i andre fagområde viss tema, prosjektskildring og problemstilling skulle tilseie det.

PhD-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapleg teori, refleksjon og metode. Ein viktig del av skoleringa i PhD-programmet i estetiske fag er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.

Du finn meir informasjon om PhD-programmet i språkvitskap ved å bruke menyen til venstre, eller ved å lese den fullstendige Studieplanen for PhD-programmet i språkvitskap.

Leiar for PhD-programmet i språkvitskap

Professor Torbjørn Nordgård
Institutt for språk- og kommunikasjonsstudiar
telefon: 73596301
e-post: torbjorn.nordgard@hf.ntnu.no

Programleiar sitt mandat