Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Rettleiing
Du vil få oppnemnd minst éin rettleiar når du blir teken opp til eit PhD-program. Hovudrettleiaren skal vere ein intern fagperson frå det aktuelle fagområdet ved Det historisk-filosofiske fakultetet.

Forskrifta og Studieplanane for våre PhD-program legg føringar for kompetansen til desse rettleiarane. §8 i Forskrift for graden philosophiae doctor (PhD) ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) seier følgjande om rettleiing:

§ 8. Veiledning

Veileder/-e oppnevnes av fakultetet selv. Når det oppnevnes flere veiledere, skal en oppnevnes som hovedveileder. Hovedveileder er ansvarlig for veiledningen. Hovedveileder skal være ansatt i vitenskapelig stilling ved NTNU. Veileder/-ne skal ha doktorgrad eller tilsvarende faglig kompetanse innenfor fagfeltet. PhD-kandidaten og veileder/-e forutsettes å holde jevnlig kontakt. Kandidat og veileders plikter ved gjennomføring av veiledningen fremgår av avtale om PhD-utdanningen, jf. § 6.

I tillegg er dei i studieplanane for våre PhD-program krav om at rettleiarar som blir oppnemnde av Det historisk-filosofiske fakultetet må ha avlagt doktorgrad eller oppnådd professorkompetanse etter vurdering.

Skifte av rettleiar og oppnemning av nye rettleiarar

Eit doktorgradsstudium blir ofte ikkje akkurat som ein hadde tenkt i utgangspunktet, og det er derfor mange som enten skiftar rettleiar etter ei stund, eller får behov for ein ekstra birettleiar. I samband med dette må ein gå gjennom nokre prosessar. Her kjem ei sjekkliste som kan vere til hjelp i slike situasjonar:

  • Alle involverte partar (gamle og evt. nye rettleiarar) må vere involverte i prosessen
  • Skriv ein søknad der du grunngjev ønsket om endring i rettleiarsituasjonen. Søknaden skal gå via instituttet til Det historisk-filosofiske fakultetet
  • Når endringa har skjedd: fyll ut ny del B av Standardavtale ved opptak til organisert forskarutdanning ved Det historisk-filosofiske fakultetet og send denne til Det historisk-filosofiske fakultetet