Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Avslutning av PhD-studiet
Det er mykje å hugse på når den siste fasen av PhD-studiet står for tur. Denne sida er meint som ei hugseliste i sluttspurten.

Opplæringsdelen

Har du fått godkjent og registrert alle emna i opplæringsdelen din? Viss ikkje bør du klikke deg inn på sida om dette i menyen til venstre. Alle emna i opplæringsdelen må vere godkjende før avhandlinga kan bli sendt til vurdering.

Vurderingskomité

Veit instituttet ditt at du snart skal levere avhandlinga di? Det er instituttleiinga som har ansvar for å levere forslag til vurderingskomité til fakultetet. Dette forslaget skal etter PhD-forskrifta leverast til fakultetet saman med avhandlinga. Det kan ofte ta noko tid å finne medlemmar til ein slik komité. Det er derfor viktig at instituttet blir orientert i god tid før levering.

Innlevering av avhandlinga

Når opplæringsdelen er godkjent, avhandliga er ferdig skriven og instituttet har funne eit forslag til vurderingskomité, er tida inne for innlevering av avhandlinga. NTNU-trykk lagar 5 eksemplar i A4-format, betalt av fakultetet. Eitt eksemplar beheld du sjølv, 4 eksemplar leverer du til Det historisk-filosofiske fakultetet. Desse eksemplara vil bli sende til vurderingskomiteen.

Trykking av doktoravhandlinga

Du kan få trykt doktoravhandlinga di hos NTNU-trykk. Send inn manuskriptet ved å bruke NTNU-trykk sitt bestillingsskjema: http://www.ntnu.no/ntnu-trykk/dravhandling.html

Reservering av nummer

Før du kan få trykt den endelege versjonen av avhandlinga di, må du reservere eit ISBN-nummer. Dette gjer du ved å bruke Universitetbiblioteket sitt verktøy for tildeling av ISBN-nummer: http://www.ub.ntnu.no/isbn/

Elektronisk publisering av doktoravhandlingar

Universitetsbiblioteket i Trondheim (UBiT) tilbyr alle doktorander frå NTNU å leggje ut doktoravhandlinga si i PDF-format som eit supplement til papirversjonen som er tilgjengeleg på biblioteket. Meir informasjon om dette finn du på nettsidene til Universitetsbiblioteket i Trondheim. Den elektroniske versjonen av avhandlinga vil då bli tilgjengeleg via eit eiget søkegrensesnitt på web, noko som vil auke tilgjengelegheita og bidra til å synliggjere forskinga di.

Pressemelding

Det blir sendt ut pressemeldingar i samband med alle disputasar ved NTNU. Du vil få tilsendt informasjon om dette i god tid før du må sende inn pressemeldingsskjemaet ditt. Du kan sjå på den samla oversikta over pressemeldingar om doktoravhandlingar ved NTNU (http://www.ntnu.no/doktorgrader/dr_samlet.html) viss du vil finne ut meir om kva dei inneheld.