Patentstyret
Patentstyret
Ofte stilte spørsmål om design

1. Korleis søkjer eg designvern?

Du fyller ut eit søknadsskjema og leverer det til Patentstyret saman med bilete eller teikningar av designen.
pil Designskjemaer
 

2. Kva vilkår gjeld for å få vern for designen min?

Designen må vere ny og skilje seg tydeleg frå tidlegare kjend design.
pil Les meir om designregistrering
 

3. Kva gir ei registrering vern for?

Vernet gjeld i Noreg. Du kan nekte andre å bruke ein design som ikkje tydeleg skil seg frå din registrerte design. Kva som skil seg tydeleg frå designen din vil variere med kor stor fridom designaren har for utforming av produktet. For eksempel vil designaren ha stor fridom ved utforminga av ein parfymeflakong, mens ved utforminga av eit bildekk er fridomen mindre, og mindre forskjellar vil gjere at det likevel er tydeleg forskjell. 
 

4. Kva er skilnaden på ei mønsterregistrering og ei designregistrering ?

Designlova har rettsverknad frå 1. mai 2003. Denne lova erstattar mønsterloven. Alle mønsterregistreringar som var i kraft 1. mai 2003 lever vidare og har vern under designloven. Den kanskje viktigaste følgja for gjeldande mønsterregistreringar er at dei no kan fornyast fleire gonger, maksimalt  i 25 år. (Med unnatak for delar som berre skal brukast som reservedelar. Der er maksimalt vern 5 år.) Etter den gamle mønsterlova var vernetida maksimalt 15 år.
 

5. Kva kostar det?

Du må betale ei søknadsavgift, som dekkjer søknad om registrering av ein design i tre klasser etter Locarnosystemet.  (Sjå oversikt over klassene.) Søknadsavgifta dekkjer den fyrste perioden på 5 år.

Du kan registrere fleire designar i same søknaden dersom dei høyrer til i same hovudklassen i Locarnosystemet. Du må då betale ei samregistreringsavgift for kvar design utover ein. Andre avgifter kan vere oppbevaringsavgift og fornyingsavgift.
pil Sjå prisoversikta for fleire detaljer.
 

6. Gjeld den søknaden om designvern som eg leverer inn i Noreg, i andre land òg?

Nei. Ønskjer du å registrere designen din i fleire land må du søkje i kvart enkelt land eller for EU. I Sverige og Danmark kan du levere inn søknaden sjølve. Elles må du ha ein fullmektig busett i det aktuelle landet som kan representere deg overfor landets registreringsmyndigheter.
 

6. Kor lenge varer vernet?

Du kan registrere designen for 5, 10, 15, 20 eller 25 år. Registreringa kan fornyast når den valde perioden går ut. Vernet blir gitt for maksimalt 25 år.
 
For reservedelar er vernetida maksimalt 5 år.

  

Sist endret: 03.09.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette