Patentstyret
Patentstyret
Patent
Forundersøkingar

Kvifor bør du kjøpe ei forundersøking?

Unngå å bruke tid og pengar på å finne opp hjulet på nytt!
Vi gir deg opplysningar om den siste tekniske utviklinga på området ditt som du kan ha stor nytte av i framkant av tekniske utviklingsprosjekt. Vi gir deg også opplysningar om konkurrerande verksemder, idear, inspirasjon til vidare utvikling og mykje, mykje meir!

Eit søk i databasen til Patentstyret og i andre relevante databasar verda over kan gi deg verdifull informasjon om teknisk utvikling og eigedomsrettar på fagområdet ditt. 80 % av all teknisk nyskaping er omtalt berre i desse kjeldene. Vi gjer også søk i relevante tidsskrifter.

Patentstyret gjer grundige og rimelege undersøkingar for deg!

 

Vi tilbyr desse tenestene:

1. Søk innanfor eit teknisk område eller eit emne
Du får ei oversikt over kjende tekniske løysingar innanfor eit bestemt teknisk område eller innanfor eit emne du er interessert i.
Vil du vite meir?

2. Er teknikken kjend?
Du får svar på om ei teknisk løysing tidlegare er kjend – med eller utan kommentar frå saksbehandlaren.
Du får svar på om andre har patentert eller har søkt patent på ein bestemt framgangsmåte, ein bruksmåte eller eit produkt i Noreg og/eller andre land.
Vil du vite meir?

3. Patenterbarheit
Du får svar på kor sannsynleg det er at oppfinninga di (eller ei gitt løysing) kan patenterast.
Vil du vite meir?

4. Patentfamilie: Geografisk utbreiing
Du får svar på i kva land eit bestemt patent er søkt.
Vil du vite meir?

5. Oversikt over andre sine patenter
Du får svar på om ein bestemt person eller et bestemt føretak har fått innvilga patent eller har søkt patent i Noreg og/eller i utlandet.
Vil du vite meir?

6. Oversikt over nærliggjande patent/-søknader
Du får svar på kva som er sitert i eit spesielt patent, eller om patentet er sitert av andre.
Vil du vite meir?

7. Statistikk
Du kan få statistikk av patentinformasjon ved å kombinere opplysningar om søkjar, oppfinnar, fullmektig, søknadsnummer/-dato, patentnummer/-dato, type søknad, IPC (hovudklasse) og status.
Vil du vite meir?

8. Periodisk overvaking av patentsøknader innleverte i Noreg
Du får periodisk svar på den formelle statusen til ein bestemt patentsøknad.
Vi sender deg periodisk all ny korrespondanse i ein patentsøknad.
Vi gir deg periodisk svar på om bestemte personar eller føretak har levert inn ein patentsøknad i Noreg.
Vil du vite meir?
Les også artikkelen "Industrispioner - med statlig lisens"  

 

Generelle atterhald

Ver merksam på dette:

  • Ei nyheitsundersøking svarar til den nyheitsundersøkinga som vil bli gjord i ein tilsvarande norsk patentsøknad, såframt du som oppdragsgivar ikkje avgrensar oppdraget.
  • Patenterbarheita blir vurdert på grunnlag av dei opplysningane som ligg føre i samband med den enkelte undersøkinga.
  • I tida mellom eit teknisk søk og ei eventuell innlevering av ein patentsøknad kan det ha kome inn andre patentsøknader som kan hindre patentering av oppfinninga di.
  • Eit endeleg svar på om ei oppfinning kan patenterast, kan du berre få i samband med ein patentsøknad.
  • Eit teknisk søk gir deg ikkje prioritet. Prioritet vil du først få når du leverer inn ein patentsøknad.
  • Namneundersøkingar på referansar som ikkje er allment tilgjengelege, gir berre bibliografiske opplysningar.

  Korleis bestille ei forundersøking
  Tidsforbruk og levering
  Prisliste

 

 


Vil du vite meir om forundersøkingar?

1.  Søk innanfor eit teknisk område eller eit emne

  • Når du har eit teknisk problem, men inga løysing på problemet. La deg inspirere av andre sine oppfinningar!
  • Når du ønskjer å kartleggje eit teknisk fagområde.

2. Er teknikken kjend?
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du ønskjer svar på om oppfinninga di verkeleg er ny, eller om ho alt er patentert av andre.
  • Når du ønskjer å få eit grunnlag til å vurdere om oppfinninga di kan krenkje andre sine patentrettar.

3. Patenterbarheit
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du treng ei vurdering av om det er mogleg å få patent på oppfinninga di. 

4. Patentfamilie - geografisk utbreiing
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du ønskjer oversikt over kva land eit patent er søkt og er gyldig i.

5. Oversikt over andre sine patenter
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du ønskjer oversikt over kva for patent og patentsøknader konkurrentane dine har i Noreg og andre land.
  • Når du ønskjer å vite om konkurrentane dine har levert inn ein patentsøknad i Noreg eller i andre land.
  • Når du ønskjer å følgje med på utviklingsstrategiane til konkurrentane dine.

6. Oversikt over nærliggjande patent/-søknader
Sitering: dokument som saksbehandlaren trekkjer fram under behandlinga av patentsøknaden, og som kan vere heilt eller delvis til hinder for patent.
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du ønskjer å følgje med på om andre søkjer vern for teknologi nær eller innanfor «ditt» område.
  • Når du ønskjer å vite om andre søkjer vern for ei vidareutvikling av det som er omtalt i patentet.
  • Når du ønskjer å vurdere styrken til eit patent. Blir patentet ofte sitert, kan det tyde på at patentet er vesentleg innanfor den teknologien som blir omtalt. 

7. Statistikk
Døme på det vi kan tilby:
Talet på patentsøknader, for ein bestemt tidsperiode

  • sortert på søkjar
  • sortert etter opphavslandet til søkjaren
  • sortert etter postnummeret til den norske søkjaren
  • sortert på oppfinnar
  • sortert etter opphavslandet til oppfinnaren
  • sortert etter postnummeret til den norske oppfinnaren
  • sortert på fullmektig
  • sortert etter bransje
  • sortert etter type søknad
  • sortert etter statusen til søknaden
  • kombinasjon av alle punkta ovanfor

8. Periodisk overvaking av patentsøknader innleverte i Noreg
Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?

  • Når du ønskjer å følgje med på kva konkurrentane gjer.
  • Når du kjenner til ein bestemt norsk søknad, og ønsker å få greie på når han blir kunngjord, eller få tilsendt alle nye dokument under saksbehandlinga.
  • Når du ønskjer å få opplysningar om eventuelle framtidige norske patentsøknader innleverte av eit bestemt føretak.
  • Når du ønskjer å følgje med på den siste tekniske utviklinga innanfor fagområdet ditt. Du kan be om å få vite kva for patentsøknader som blir leverte inn fortløpande i Noreg i ein bestemt IPC-klasse.
  • Du avgjer sjølv kor lenge overvakinga skal vare: eit halvt år, eitt år eller inntil du seier opp overvakinga.

9. Andre typar forundersøkingar
Forundersøkingar kan tilpassast ønska og behova dine.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer andre typar undersøkingar enn dei som er omtalte her. Vi vil så langt vi kan prøve å oppfylle ønska dine. 

 

Viktig informasjon

  • Vi diskuterer gjerne forundersøkinga med deg før vi går i gang og ber derfor om at ein kontaktperson er tilgjengeleg pr telefon.
  • Vi gir deg raske svar.
  • Vi går gjerne gjennom svaret med deg.
     
Sist endret: 16.11.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette