Slike rettar handlar om meir enn passivt vern. Ein gjennomtenkt strategi rundt eineretten til teknikk, namn og design er eit viktig verktøy for å styrkje konkurranseevna på opne marknader, og det kan bli avgjerande når du skal utvikle ein forretningsidé og byggje opp verdiar i ei bedrift.
Kvifor bør du gå på grunnkurs?
Grunnkurs finst i to variantar: patentvern og varemerke/designvern.Kursa gir deg oversikt over ulike verneformer og korleis du kan utnytte dei forretningsmessig, til dømes gjennom lisensiering eller vidaresal av produkt eller idé.
Dersom du er oppteken av teknologi og patentering, kan likevel grunnkurs i varemerke og design gi kunnskap som vil bli svært viktig når ideen skal kommersialiserast: Namn og utsjånad er grunnleggjande for eit unikt varemerke, og vil vere avgjerande når produktet skal marknadsførast. Kan produktet vernast på fleire måtar, styrkjer du konkurranseposisjonen din.
Målsetjinga vår er at du, etter at du har delteke på grunnkurs, skal vere i stand til å ta strategisk rette avgjersler rundt idear og produkt som du vil utvikle, verdisikre og marknadsføre.
Les meir om kursa: