1. Korleis søkjer eg patent på oppfinninga mi?
Søknader om patent skal leverast skriftleg til Patentstyret. Du må fylle ut eit søknadsskjema. Søknaden skal innehalde ei beskriving av oppfinninga med eventuelle teikningar, spesifikasjon av det du søkjer verna ved oppfinninga (patentkrav), og eit kort samandrag av beskrivinga og patentkravet (sjå rettleiinga). Etter at søknaden er levert inn, sender vi deg ein faktura for søknadsavgifta.
2. Kva skal til for å få patent?
Oppfinninga må ha teknisk karakter og teknisk effekt, og ho må vere reproduserbar (sjå rettleiinga). Ho må vere ny. Det vil seie at ho ikkje nokon stad i verda tidlegare har vore gjort kjent, til dømes ved å bli omtala i eit tidsskrift eller vist på ei utstilling. Ho må skilje seg vesentleg frå kjend teknikk.
3. Kan eg få patent på firmanamnet mitt?
Ei varemerkeregistrering kan gi deg einerett til å utnytte firmanamnet. Det er berre på tekniske oppfinningar du kan få patent.
4. Kan eg få patent på ein design?
Ei designregistrering kan gi deg einerett til utsjånaden på produktet. Det er ikkje mogleg å få patentvern for sjølve utsjånaden på eit produkt.
5. Kor lang tid tek det å behandle ein patentsøknad?
Når det er gått 6–8 månader, får du den første vurderinga av patentsøknaden. For at du som søkjar skal få eit så fullstendig svar som mogleg om utsiktene til å oppnå patent, kan vi ikkje byrje behandlinga før etter ca. 6 månader. Det kjem av at vi må ta omsyn til alt som er publisert heilt fram til du leverte søknaden din til Patentstyret, og at det dessverre kan ta opptil 6 månader før vi får tilgang til utanlandske patentsøknader.
Etter den første vurderinga kan det ta frå 6 månader til 3 år før patentet blir innvilga. Behandlingstida avheng mellom anna av kva som er tidlegare kjent, kva du må presisere i søknaden, og kor raskt du sjølv svarar på breva våre.Les meir om korleis patentsøknaden din blir behandla.
6. Kva kostar det?
Du må betale søknadsavgift, innvilgingsavgift og i tillegg årsavgift for kvart år du vil halde oppe søknaden eller patentet. Sjå prisane.
7. Kva inneber det å ha eit patent?
Du får ein einerett til å utnytte oppfinninga i næringsverksemd. Det vil seie at du kan nekte andre å produsere, selje, utnytte eller importere oppfinninga di.
8. Gjeld den patentsøknaden som eg leverer inn i Noreg, i andre land òg?
Nei, ein søknad om patent i Noreg gjeld berre her i landet.
9. Korleis kan eg få patentvern i utlandet?
Du har fleire alternativ dersom du ønskjer vern i utlandet:
Fristen for å søkje vidare i utlandet (med prioritet) er 12 månader. Du vil då få prioritet frå den norske søknaden, det vil seie at innleveringsdagen for den norske søknaden òg gjeld ved behandlinga av den internasjonale, regionale eller nasjonale søknaden. Det er viktig å vere klar over at denne fristen ikkje kan forlengjast, og at dersom du ikkje held han, kan du misse utsikta til å få patent.Meir detaljert informasjon, finn du i "Patentering utanfor Noreg"
10. Kor lenge varer eit patent?
Eit patent kan vare opptil 20 år frå den dagen du leverer inn søknaden, så lenge du betaler årsavgiftene.
11. Eg har sett eit interessant produkt på ei messe i utlandet. Kan eg produsere og selje produktet i Noreg, eventuelt patentere det?
Dersom produktet ikkje er patentsøkt i Noreg, kan du, så sant det ikkje strir mot anna regelverk, til dømes marknadsføringslova, produsere og selje produktet i Noreg. Eit produkt som har vore vist på ei messe, blir ikkje lenger rekna som nytt, og kan difor ikkje patenterast i Noreg.
12. Kan eg få patent på eit forretningskonsept?
Nei. det er berre tekniske løysingar som kan patenterast.
13. Kan eg skrive om eller fortelje om oppfinninga mi eller vise henne på ei messe?
Nei, det gjer at oppfinninga ikkje er ny lenger (sjå punkt 2). Men etter at du har levert inn patentsøknaden, kan du vise henne fram. Ver merksam på at det i visse tilfelle kan vere ein fordel å halde oppfinninga hemmeleg så lenge som råd.
14. Er det greitt å vise oppfinninga mi til ein potensiell produsent?
Ja, men du må opplyse om at opplysningane skal haldast hemmelege, og produsenten bør skrive under på ein teielovnad, slik at du ikkje risikerer at ideen blir kjend.