Patentstyret
Patentstyret
Søknadsbehandling
Behandling av patentsøknaden din

Din patentsøknad skal leverast inn til Patentstyret.

Når søknaden din kjem til Patentstyret, vil den bli journalført og overført til den saksbehandlaren som er ansvarleg for det tekniske feltet oppfinninga tilhøyrer.

Dersom søknaden er formelt i orden og søknadsavgifta er betalt, vil du innan 7 månader frå innlevering av søknaden få ei første vurdering frå Patentstyret om oppfinninga kan bli patentert. Saksbehandlaren vil då gi deg opplysningar om oppfinninga di kan sjåast på som ny, og om den har oppfinningshøgde slik at patentvern bli gitt. Det tek 5-6 månader før vi har tilstrekkeleg god oversikt over dei nyaste patentsøknadene som kan ha tyding for patenterbarheten til søknaden din, og vi kan derfor ikkje utføre ei forsvarleg vurdering før denne tida.

Dersom det er ein mangel ved eller feil i søknaden, vil Patentstyret skrive til deg som søkjer eller til patentfullmektigen din og be om at mangelen blir retta innan ein gitt frist. Dersom mangelen ikkje er retta innan fristen, vil søknaden din bli henlagt. Dersom mangelen likevel blir retta og ei avgift blir betalt innan fire månader frå fristutløpet, kan behandlinga av søknaden bli gjenoppteke.

Dersom du har svart innan fristen, men Patentstyret finn at søknaden framleis ikkje kan godkjennast, vil søknaden bli avslått.

Godkjenning av søknaden
Dersom søknaden blir godkjent, får du melding om dette. Det tek normalt 1-2 år frå du mottek første vurdering av om oppfinninga kan bli patenterert, til søknaden eventuelt blir godkjent. Når søknaden er godkjend må du betale ei meddelelsesavgift innan to månader. Denne avgifta blir fakturert. Når avgifta er betalt, blir det kunngjort at patent er meldt i Norsk Patenttidende. Eit patentbrev blir laga, og patentet blir innført i patentregisteret.

Kan andre sjå søknaden din?
Dokumenta i ein patentsøknad er allment tilgjengelege, seinast 18 månader frå søknadsdagen (eller prioritetsdagen dersom prioritet er kravd). Unnatak gjeld for Patentstyrets interne arbeidsdokument. Dersom det er spesielle grunnar, kan du også be om unnatak for offentleggjering av forretningsløyndomar som ikkje gjeld oppfinninga.

Innvendingar og klagemoglegheiter
Alle som meiner at eit patent er gitt på feilaktig grunnlag, kan sende inn ei skriftleg innvending eller protest mot det. Fristen for å sende inn ei innvending er ni månader frå den dagen patentet blei kunngjort. Protesten kan føre til at patentet blir endra eller opphevt.

Dersom innvendinga blir teke til følgje, kan du som søkjer klage denne avgjerda inn til 2. avdeling, som er Patentstyrets klageorgan. Den som har levert inn innvending har også klagerett dersom innvendinga, eller delar av denne, ikkje blir teke til følgje. Klagefristen er to månader frå den dagen avgjerda blir sendt til partane. For å få klaga behandla må du betale ei klageavgift.

Avgjerda i 2.avdeling, kan ankast inn for domstolane. Patentstyret vil gjere oppmerksam på at søksmål til domstolane, som grunnar seg på at patent er kunngjort til ein annan enn den som etter patentlova §1 har krav på patentet, må reisast innan eitt år frå tidspunktet ein fikk kjennskap om patentet si kunngjering.

Dersom Patentstyret avslår søknaden din om patent, kan du klage avslaget inn for Patentstyrets 2. avdeling. Klagefristen er to månader.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Patentstyrets infosenter, tlf. 22 38 73 33

Sist endret: 19.02.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette