Tjenester

Last ned og fyll ut søknad om politiattest

Du søkjer om politiattest ved å fylle ut eit skjema som du får på næraste politistasjon, eller som du lastar ned til høgre på denne sida. Skal du ha politiattest for verv i frivillig organisasjon skal du bruke søknadsskjemaet til høgre, fylle det ut og levere det til kontaktpersonen i organisasjonen, som sender det til politiet. 

Om du er under 18 år må ein av foreldra skrive under på søknaden saman med deg.

Søknaden skal sendast til, eller leverast, på politistasjonen i det politidistriktet der du er folkeregistrert. Om du leverer søknaden må du vise gyldig legitimasjon (bankkort, førarkort eller pass). Sender du søknaden må du leggje ved kopi av førarkort eller pass. I søknaden må du opplyse om kvifor du treng attesten, og du må leggje ved stadfesting frå arbeidsgjevar eller andre som har bede deg leggje fram politiattest. Politiattest kan berre skrivast ut til dei føremåla som er omtala i lova. Til dømes kan du ikkje få utskrive politiattest fordi du skal jobbe i daglegvarebutikk, men skal du jobbe i barnehage er det påkrevd.

Ulike typar politiattest
Kva straffereaksjonar (bot, fengselsstraff med meir) som skal vere med i ein politiattest, varierer ut frå kva den skal brukast til. Kva slags attest som skal utskrivast går fram av loven/forskrifta som regulerer området. 

I ein vanleg politiattest blir dei fleste straffereaksjonar tekne med, men berre for avgrensa tid bakover. 

Uttømmande politiattest er ein attest kor alle ilagde straffereaksjonar skal vere med, unnateke forenkla førelegg. I slike attestar vert det opplyst om straffereaksjonar uavhengig av kor lenge det er sidan dei vart ilagt. 

I ein avgrensa politiattest er det berre reaksjonar på nærare oppgjevne lovbrot som skal med. For ein som søkjer jobb i grunnskulen, vil seksuelle overgrep mot barn vere forhold som kjem med i attesten. Oftast vil ein slik politiattest vere avgrensa uttømmande, det vil seie at særskilt oppgjevne lovbrot (til dømes seksuallovbrot) skal takast med uavhengig av kor lenge det er sidan reaksjonen vart ilagt.

Politiattest til utlandet
Bur du i utlandet, og treng politiattest frå Norge, kan du sende søknad til politiet der du tidlegare var busett. Dersom det ikkje er særskilte merknader i attesten, kan du be om å få den skriven ut på engelsk, tysk, fransk eller spansk.

Kva er registrert om meg i strafferegisteret?
Ved å vende deg til din lokale politistasjon kan du få vite kva som er registrert om deg. Eventuelle opplysningar som er registrerte vert vanlegvis gjevne munnleg.

Klager

Klage på innhald i attesten
Viss du er ueinig i kva som er teke med av merknader i politiattesten, kan du klage. Skriftleg klage skal sendast til politiet. Dersom politiet ikkje tek klagen til følgje vert den sendt vidare til Politidirektoratet. Klagefristen er tre veker frå du mottek politiattesten.

Kan eg klage viss eg ikkje får skrive ut ein politiattest?
Politiet kan berre skrive ut politiattest til dei føremåla som går fram av lov eller forskrift.
Får du avslag på ein søknad om politiattest, kan du klage på dette til politidistriktet der du fekk avslaget. Viss politiet ikkje tek klagen til følgje, vert den sendt vidare til Politidirektoratet.

Jobbsøknad og utdanning

Kva yrke krev politiattest?
Politiet har ingen samla og oppdatert oversikt over kva yrker/studie som krev politiattest. Heimelen for å krevje politiattest er som regel nedfelt i lovgjevinga som regulerer det enkelte fagområdet. Dette tyder at heimlane til å skrive ut politiattestar kan finnast i ulike særlover.

Krav om politiattest for å jobbe i barnehage og grunnskole.
I følgje barnehagelova og opplæringslova må den som skal tilsetjast i barnehage og grunnskule leggje fram tilfredsstillande politiattest.

Vektar med promilledom
Ein tidligare promilledom vil gå fram av politiattesten viss du får tilbod om jobb som vektar. Det er opp til arbeidsgjevar å avgjere om dommen skal ha noko å seie for tilsetjinga.

Må eg leggje fram politiattest for å kunne køyre drosje?

Ja, for å få drosjeløyve må du leggje fram politiattest. Ved søknad om køyresetel undersøkjer politiet vandelen din.

Lover og forskrifter
Sjå strafferegistreringslova og forskrifter om strafferegistrering i linkar på høgre side.

Gå til lokalinformasjon