Forliksrådet
Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker, og er både ein meklingsinstans og ein domstol. Dei fleste sakene i forliksrådet handlar om usemje kring gjeld, spesielt gjeld knytt til kjøp av varer og tenester.
Et krav om betaling av gjeld kan fremmes for forliksrådet for å komme frem til et forlik eller for å fastslå ved dom at kravet er rettsgyldig. Da kan kravet eventuelt tvangsfullbyrdes hos namsmannen.
Sekretariatoppgåvene
Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Dette er innbyggarar i kommunen som blir valde for fire år om gongen. Sekretariatsoppgåvene til forliksrådet blir ivaretekne av politiet, som ei sivil oppgåve. I lensmannsdistrikt er lensmannen sekretær, i politidistrikt er det politistasjonssjefen og i namsfogddistrikt er det namsfogden som utfører sekretariatsoppgåvene.
Hovudreglane om behandling i forliksrådet går fram av tvistelova kapittel 6.
Sivile rettstvistar skal som hovudregel handsamast av forliksrådet før dei eventuelt kan fremjast for tingretten.
Kva saker som ikkje kan handsamast i forliksrådet
Nokre saker skal forliksrådet likevel ikkje handsame. For eksempel ”familiesaker” etter barnelova eller ekteskapslova, med mindre saka berre gjeld det økonomiske oppgjeret ved samlivsbrot. Heller ikkje saker mot offentlege styresmakter, offentlege institusjonar eller offentlege tenestemenn, med mindre saka berre gjeld privatrettslege tilhøve. Dette kan vere ved kjøp eller sal av varer og tenester. Sjå elles tvistelova § 6-2 (1).
Forliksrådet handsamar ikkje straffesaker eller saker som skal gjennom spesielle prosessformer (til dømes arbeidsretten) eller etter spesiell prosesslovgjevnad (til dømes skiftesaker).