Overprøving
Det vil stå ei rettleiing vedgåande overprøving i rettsboka som avsluttar kvar sak.
Ein dom frå forliksrådet kan overprøvast ved søksmål til tingretten. Fristen for dette er éin månad frå dommen er forkynt for partane.
Ei avgjerd om sakskostnader, rettsgebyr eller fastsetting av salær kan ankast særskilt til tingretten innan éin månad frå dommen er forkynt for partane. Det same gjeld endring av ein dom i vidare utstrekning en det tvisteloven § 19-8 og § 19-9 tillet.
Andre avgjerder enn dei som er nemd ovafor kan ikke overprøvast av tingretten.
Det er ikkje adgang til å begjære oppfriskning av fråværsdommar som er avsagt etter tvistelova.