Tjenester

Forliksklaga skal innehalde

Skjema for forliksklage kan lastast ned til høgre på sida.

Forliksklaga blir vanlegvis handsama av forliksrådet i den kommunen klagemotparten bur eller har forretningsstad, og skal innehalde:

  • Kva forliksråd saka skal handsamast i. 
  • Partane, eventuelle representantar for partane, og prosessfullmektig sitt førenamn, etternamn, og adresse.
  • Framstilling av kravet eller av tvisteemne.
  • Kort skildring av faktiske tilhøve som kravet byggjer på, og ei grunngjeving for kravet.
  • Ein påstand som gir det resultatet som ein ynskjer dom for.
  • Krev klagar fråværsdom, må dette gå klart fram av forliksklaga.

Kopi av dokument og andre vedlegg bør leggast ved.

Varsel i samsvar med tvistelova § 5-2

Før saka går til forliksrådet skal parten sjølv skriftleg orientere motparten om kravet. Parten bør sende eit skriftleg brev direkte til motparten der det står klart kva saka gjeld og kva kravet er. Det bør vere ein frist for når ein ønskjer å gjennomføre kravet, og ei orientering om at dersom kravet ikkje er innfridd innan fristen, vil saka gå vidare til handsaming i forliksrådet.

Dersom motparten etter fristen ikkje har innfridd kravet, kan det skrivast ei forliksklage som blir levert til forliksrådet.

Sjølv om parten ikkje har sendt varsel i tråd med tvistelova § 5-2 skal ikkje klaga bli avvist, men det kan få konsekvensar ved tilkjenning av sakskostnadar.

 

Kontaktinformasjon