
Konsesjonslova regulerer omsetnaden av fast eigedom generelt. Det er naudsynt med konsesjon for å tileigne seg fast eigedom. Føremålet med konsesjon er å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og eigar- og bruksforhold som er mest gagnleg for samfunnet.
Konsesjon
Den som tileignar seg ein konsesjonspliktig eigedom må søkje om konsesjon (løyve) frå styresmaktene. Eit erverv er eigedomsovergangen frå tidlegare eigar (overdragar) til ny eigar (ervervar). Erverv er eit fellesord for ulike måtar å få ein eigedom på, som ved arv, kjøp, gåve osb.
Eit vanleg tilhøve der ein må søkje konsesjon er når det står hus på eigedomen og denne er større enn 100 dekar totalt eller har meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord. 1 dekar, eller 1 mål, er 1000 m2.
Dersom konsesjon ikkje vert gitt, skal kommunen setje frist for sal. Eigaren må då overdrage eigedomen til nokon som kan få konsesjon eller ikkje treng konsesjon. Dersom dette ikkje vert gjort innan fristen, kan eigedomen verte tvangsseld.Søknad om konsesjon
Du søkjer om konsesjon ved å nytte skjema SLF-359. Søknaden sender du til den kommunen der eigedomen ligg. Det er kommunen som avgjer alle konsesjonssøknader. Fylkesmannen er klageinstans.
Ved avgjersla av ein konsesjonssøknad skal det mellom anna bli lagt vekt på omsynet til busetjing. Når søknaden gjeld ein landbrukseigedom, skal det etter konsesjonsloven § 9, i tillegg mellom anna bli lagt vekt på prisen på eigedomen, om ervervet utgjer ei løysing som tener drifta, og omsynet til ei heilskapleg ressursforvalting og kulturlandskapet.
Det kan setjast vilkår i konsesjonssaker.
Skjemaer
SLF-359 Søknad om konsesjon på erverv av fast eiendom mv.
Regelverk
Priskontroll på landbrukseigedom
Når ein søkjer konsesjon for å ta over landbrukseigedom, skal det i ein del saker gjerast priskontroll.
Om det står hus på eigedomen skal det berre gjerast priskontroll dersom eigedomen har meir enn 25 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord eller meir enn 500 dekar skog. Sjølv om arealgrunnlaget overstig desse grensene, skal det likevel ikkje gjerast priskontroll dersom avtalt pris ikkje overstig 2 500 000 og eigedomen har eit bustadhus som har ein brukbar standard.
I dei fem prisrundskriva er det skildra korleis priskontrollen vert gjennomført.
Regelverk
M-7/2002 Endringer i rundskriv M-3/2002 - Priser på landbrukseiendommer ved konsesjon - Kapitaliseringsrentefot m.m. for skog
M-4/2004 Endringer i rundskriv M-3/2002 - Priser på landbrukseiendommer ved konsesjon. Kapitaliseringsrentefot på jord og nedre beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjonsbehandling av bebygd eiendom
M-3/2002 Priser på landbrukseiendommer ved konsesjon
M-2/2012 Endring i rundskriv M-1/2010 – Priser på landbrukseiendommer ved konsesjon. Nedre beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjonsbehandling av bebygd eiendom
M-1/2010 Endringer i rundskriv M-3/2002 Priser på landbrukseiendommer ved konsesjon. Boverdi og nedre beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjonsbehandling av bebygd eiendom
Konsesjonsfridom og eigenerklæring
Det er ikkje alle som treng å søkje om konsesjon. Konsesjonslova inneheld svært mange unnatak, og det er berre nokre få prosent av eigedomserverva kvart år som er konsesjonspliktige.
Ein typisk situasjon der den nye eigaren ikkje treng å søkje konsesjon er når han eller ho er i nær familie med tidlegare eigar. Kva som vert rekna som nær familie ser du i dei to oversiktene under:
Hvem kan du overdra konsesjonsfritt til?
Hvem kan du erverve konsesjonsfritt fra?
Når konsesjonsfrie erverv skal tinglysast, må den nye eigaren dokumentere at ervervet er konsesjonsfritt. Dette vert gjort ved å bruke skjemaet SLF-360, egenerklæring om konsesjonsfrihet (grøn). Eigenerklæringa viser at ervervet ikkje er konsesjonspliktig, samt kva for unnatak frå lova som gjeld. Skjemaet dekkjer mange ulike unnatak, sjå difor rettleiinga dersom du er usikker på kva for punkt du skal fylle ut. Kommunen kan også rettleie deg om utfylling av eigenerklæringa.Skjemaer
SLF-360 Egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eiendom mv.
SLF-360 Iešdáhkádus konsešuvdnagarvima hárrái fásta opmodaga jd. háhkama oktavuođas
Regelverk
Publikasjoner
Nedsett konsesjonsgrense - nullgrense
Oversikt over kommuner med forskrift om nedsatt konsesjonsgrense (nullgrense)
Konsesjonslova § 7 gir kommunane ein sjanse til å få fastsett ei eiga forskrift med nedsett konsesjonsgrense for ein eller fleire typar eigedom i heile eller delar av kommunen. Dette vert populært kalla 0-grense. Føremålet med dette er å hindre at eigedomar som kommunen ynskjer at skal halde fram med å vere heilårsbustadar, i staden vert til fritidsbustadar.
Dersom ein eigedom er omfatta av forskrifta kan ein berre erverve eigedomen konsesjonsfritt ved å stadfeste at eigedomen skal bli nytta som heilårsbustad av deg sjølv eller andre, eller at du er i nær familie med tidlegare eigar. Dette gjer du på eit eige eigenerklæringsskjema, SLF-356 (raud). Nokre kommunar har sett slektskapsunnataket ut av kraft – og då kan du ikkje erverve eigedomen konsesjonsfritt sjølv om du er i nær familie med tidlegare eigar.
Buplikta på eigedomar som er omfatta av ei forskrift om nedsett konsesjonsgrense er upersonleg. Det tyder at buplikta er oppfylt når eigaren eller nokon andre er folkeregistrert som busett på eigedomen.
Dersom du vil erverve ein eigedom som er konsesjonspliktig etter forskrifta, og du ikkje er i slekt med tidlegare eigar og du heller ikkje vil/kan nytte eigedomen som heilårsbustad, må du søkje konsesjon.Kva slags forskrift kommunen har kan du sjå via kommuneoversikta. Det er berre kommunar som står her som har slik forskrift. Det er den enkelte kommune som ber om å få innført forskrift om nedsett konsesjonsgrense og kva forskrifta skal omfatte. Ei slik sak skal verte handsama i kommunen før forskrifta vert fastsett av Statens landbruksforvalting.
Landbruks- og matdepartementet har i november 2012 oppdatert rundskriv M-2/2009 om konsesjon og buplikt.
For å kunne konstatere konsesjonsplikt og buplikt etter § 7 må eigedomen heretter reint faktisk vere i bruk eller ha vore i bruk som heilårsbustad. At nokon har vore registrert som busett på eigedomen vil berre vere eit moment i konsesjonsmyndigheitene si heilskaplege vurdering.
Endringa inneber at kommunen må gjere ei konkret vurdering av om eigedomen faktisk er i bruk eller har vore i bruk som heilårsbustad for å komme inn under konsesjonslova § 7 fyrste ledd nr. 1. Det tyder ei endring av praksis gjennom fleire år.
For å sikre ein einskapleg omtale av omgrepet ”heilårsbustad”, er også omtalen av forholdet mellom heilårsbustad og buplikt etter konsesjonslova § 5 andre ledd justert i rundskrivet.
Det oppdaterte rundskrivet ligg under ”regelverk” i menyen til venstre.
Skjemaer
SLF-356 Egenerklæring om konsesjonsfrihet i kommuner med nedsatt konsesjonsgrense
Regelverk
Gebyr for handsaming av konsesjonssaker
Ein skal betale gebyr for alle slags konsesjonssaker unnateke saker der nær slekt/nokon med odelsrett søkjer konsesjon fordi dei ikkje skal oppfylle lovbestemd buplikt. I andre saker skal ein betale gebyr etter gebyrforskrifta. Kommunane har etter gebyrforskrifta høve til å vedta eigne gebyrsatsar. Kommunen der eigedomen ligg kan gje opplysingar om riktig gebyrsats for ei konkret sak.
