
Nydyrking er peika på som ein av fleire måtar vi kan nå det nasjonale målet om å auke norsk matproduksjon på. Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søke kommunen om godkjenning. Du kan lese meir om søknads-prosessen i fana ”for deg som skal søke”.
Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.
Om nydyrking
Noreg har om lag 12 millionar dekar (daa) dyrkbar jord, ca. 3,7 % av Noregs landareal, som kan nyttast til nydyrking. Desse areala er kartlagde og ligg på nettstaden til Skog og landskap. Ein stor del av dette dyrkbare arealet har kvalitetar som gjer at oppdyrking kan ha negative miljøeffektar. Til dømes er 35 % av det dyrkbare arealet myr, og oppdyrking av myr gir utslepp av klimagassar. Vidare er 73 % av det dyrkbare arealet i klimasoner der areala er ueigna for matkorndyrking. Når dyrka jord vert nedbygd, kan vi derfor i liten grad erstatte areala ved nydyrking. Noreg har dermed lite areal i reserve som kan brukast til å produsere matkorn.
Produksjonspotensialet til den dyrkbare jorda er òg mindre enn for eksisterande dyrka jord. Dyrka jord er eit resultat av tusenvis av år med naturlege jordsmonndannande prosessar, der dyrking og kultivering, i mange tilfelle gjennom fleire hundre år, har bidratt til å utvikle det vi i dag har av god dyrka jord. Dyrka jord utgjer berre 3 % av Noregs landareal, og er i realiteten ein ikkje-fornybar ressurs.
Informasjon om godkjent areal for nydyrking finst i dei årlege KOSTRA(Kommune-Stat-Rapportering)-rapportane som du finn på KOSTRA sidene til SLF. Nydyrkinga skjer i hovudsak i område med husdyrproduksjon, og ein antar at krav om spreieareal er ei viktig drivkraft bak nydyrkinga. I kva grad areala faktisk vert dyrka opp, har SLF derimot ikkje oversikt over. Godkjenninga fell vekk innan 3 år dersom tiltaket ikkje er iverksatt.
Antal dekar omsøkt og antal dekar tillete nydyrka areal, 2005-2012.
For deg som skal søke
Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiane.
Når kommunen skal behandle søknaden, må dei vurdere:
- Om det er ønskeleg å styrke driftsgrunnlaget til den som søker (om bruket til søkar objektivt sett vert styrka ved at arealet vert nydyrka)
- Om nydyrkingstiltaket legg til rette for gode løysingar for drifta (som reduserte kostnader ved drifta, teigstørrelsar og driftsavtanden)
- Tiltaket etter føresegnene i kapittel II i naturmangfaldlova
- Krava til vegetasjonssoner mot vassdrag
Det er òg andre omsyn som må takast i søknadsprosessen:
- Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar kan ikkje kommunen gi godkjenning utan at tiltaket er vurdert konsekvensutgreidd etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Dette kan du lese meir om i brevet frå Landbruks- og matdepartementet datert 21.3.2012.
- Dersom nydyrkingstiltaket utgjer 15 dekar eller meir av samla overflate over ein periode på fem år, vert det rekna som eit ”større privat tiltak”, og vert omfatta av undersøkingsplikta i kulturminnelova § 9. I desse sakene vil nydyrkingsforskrifta og kulturminnelova gjelde side om side.
Søknadsskjema for godkjenning av plan for nydyrking (revidert 4.2.2013) ligg under ”skjemaer”.Kommunen er førsteinstans og treffer vedtak, medan Fylkesmannen er klageinstans.
Skjemaer
SLF-0160 Søknad om godkjenning av plan for nydyrking
Regelverk
LOV 1978-06-09 nr 50 Lov om kulturminner
FOR 2009-06-26 nr 855 Forskrift om konsekvensutredninger
FOR 1997-05-02-423 Forskrift om nydyrking
T-2/99 Undersøkelsesplikt og kostnadsdekning ved nydyrkingstiltak
T-2/07 Dekning av utgifter til arkeologiske arbeider ved mindre, private tiltak
M-19/97 Rundskriv M-19/97 om nydyrking
Publikasjoner
