145982
statistikk
2014-06-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)Sysselsetting, Offentlig forvaltning , KOSTRA, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
true

Sysselsette i kommunal sektor, 2013, 4. kvartal

Innhald

Framleis vekst i kommunane

Kommunane hadde meir enn 466 000 sysselsette i 4. kvartal 2013. Samanlikna med 2012 er dette ein auke på 1,2 prosent. Oppgangen svarar til 5 400 personar, eller nær 4 500 årsverk. Samla blei det utført 361 000 årsverk i kommunane i 2013.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet.12
2012 2013 Endring i absolutte tall Endring i prosent
2012 - 2013 2012 - 2013
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for Oslo for 4. kvartal 2012 låg noko for lågt. Årsaka er at Oslo kommune hadde manglar i rapporteringa til NAVs Aa-register som er eit av grunnlagsregistra for statistikken.
Kommunar
Sysselsette 460 964 466 377 5 413 1,2
Avtalte årsverk 356 650,0 361 135,0 4 485 1,3
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere 321 643,6 327 491,2 5 848 1,8
 
Fylkeskommunar
Sysselsette 47 870 48 198 328 0,7
Avtalte årsverk 41 880,5 42 054,7 174 0,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere 38 896,8 39 164,7 268 0,7
Figur 1. Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2013. Prosent
Figur 2. Avtalte årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak, etter område. 2013. Prosent
Figur 1. Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2013. ProsentFigur 2. Avtalte årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak, etter område. 2013. Prosent

Kommunale helse- og sosialtenester sysselset flest av dei kommunetilsette. 43 prosent av alle sysselsette i kommunane arbeider i desse tenestene. Dette utgjer 155 500 årsverk. Helse- og sosialtenestene hadde ein auke i avtalte årsverk på 1,7 prosent frå 2012, det vil seie nær 2 700 årsverk. For dei andre kommunale områda har det berre vore mindre endringar i avtalte årsverk sidan 2012.

På visse tenesteområde organiserer kommunane verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte over. I 2013 blei om lag 9 800 årsverk utførte i slike interkommunale verksemder. Desse selskapa er mest vanlege innanfor områda vatn, avløp og renovasjon samt brann- og ulykkesvern.

Meir faglærd personell i pleie og omsorg

Nær 71 prosent av dei avtalte årsverka i pleie og omsorg blei utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Delen faglærd personell har auka frå drygt 68 til 71 prosent sidan 2009

Når ein tek med tenester kjøpte frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie- og omsorgstenestene, syner tala at dei avtalte årsverka gjekk opp 1,2 prosent frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013. Dette inneber drygt 1 500 fleire årsverk. Dei private tenestene utgjorde 7,0 prosent av årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene i 2013. Prosentdelen til dei private tenestene har auka svakt i løpet av dei siste åra.

Stabil situasjon i fylkeskommunane

Talet på avtalte årsverk i fylka viste ein svak oppgang, 0,4 prosent, frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.

Sysselsettingstalet auka med om lag 330 personar i den same perioden. Dette utgjer ein vekst på 0,7 prosent.

Vidaregåande opplæring svarar framleis for 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. Talet på avtalte årsverk i vidaregåande opplæring har vore nær uendra samanlikna med situasjonen i 2012: 0,2 prosent auke det siste året.