145980
statistikk
2014-03-17T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)Sysselsetting, Offentlig forvaltning , KOSTRA, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
true

Sysselsette i kommunal sektor, 2013, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Svak auke i årsverk i kommunane

Dei førebelse tala for sysselsetjinga i kommunal forvaltning syner ein auke i avtalte årsverk på 0,7 prosent, svarande til 2 600 årsverk frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet.12
2012 2013 Endring i absolutte tall Endring i prosent
2012 - 2013 2012 - 2013
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for Oslo for 4. kvartal 2012 låg noko for lågt. Årsaka er at Oslo kommune hadde manglar i rapporteringa til NAVs Aa-register som er eit av grunnlagsregistra for statistikken.
Kommunar
Sysselsette 460 964 462 613 1 649 0,4
Avtalte årsverk 356 650,0 359 295,1 2 645 0,7
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere 321 643,6 327 659,3 6 016 1,9
 
Fylkeskommunar
Sysselsette 47 870 47 466 -404 -0,8
Avtalte årsverk 41 880,5 41 762,8 -118 -0,3
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere 38 896,8 39 021,2 124 0,3

Målt i talet på sysselsette personar var veksten for kommunane 0,4 prosent. Veksten var sterkast innanfor barnevern og sosialkontor.

I fylkeskommunal forvaltning gjekk talet på avtalte årsverk svakt ned, med 0,3 prosent, samanlikna med 2012. Talet på sysselsette personar vart redusert med nær 1,0 prosent frå 2012 til 2013. Nedgangen i sysselsetjinga var i vidaregåande opplæring.

Fleire årsverk i pleie og omsorg

Når ein også tek med tenester kjøpt frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie og omsorgstenestene, syner dei førebelse tala at dei avtalte årsverka i pleie og omsorg auka med om lag 2 600 årsverk frå 4. kvartal 2012 til same kvartal 2013. Dette er ein auke på 2,0 prosent. Delen private tenester i pleie og omsorg auka med nær 1 prosentpoeng etter å ha vore stabilt på om lag 6,5 prosent i fleire år.

Rapporteringa til Oslo kommune Åpne og lesLukk

Oslo kommune hadde i 2012 manglar i rapporteringa av data til Aa-registeret som er grunnlagsregisteret for statistikken, og det var forventa at nivået for årsverk var noko for lågt. Når rapporteringa no er ajour, syner tala mindre utslag enn forventa, bortsett frå for grunnskole og vidaregåande opplæring. Sidan endringane samla sett og for de aller fleste verksemder er svært små, blir tabellane frå 2012 ikkje køyrde på nytt, og Oslo er inkludert i tala som vanleg for 2013.

Førebelse tal i marsÅpne og lesLukk

Til publiseringa i mars er berre registra frå NAV tilgjengelege. Dei førebelse tala i mars er ikkje reviderte, og feil i datagrunnlaget kan hende. For einskilde kommunar kan utslaget vere betydeleg. Talgrunnlaget for den endelege statistikken i juni er bygd på fleire ulike register. Les meir om dette i Om statistikken.