Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut    Meld feil Meld feil      

Internasjonalt samarbeid

Jamt fleire av dei utbydingane vi står andsynes kan berre møtast gjennom internasjonalt samarbeid

Klima- og miljøproblem, tryggleikspolitikk og internasjonal kriminalitet er nokre av dei områda der internasjonalt samarbeid er naudsynt. Gjennom dialog og samarbeid kan vi òg læra av kvarandre, og finna betre løysingar på nasjonale utbydingar i alt frå skule- og omsorgspolitikk til fiskeriforvaltning.

 

Eit av hovudføremåla med å vera med i interparlamentariske samarbeid er at nasjonale parlament er med i dialogen om viktige spørsmål. Det gjer viktige avgjerdsprosessar meir opne og gjev dei demokratisk forankring. Internasjonalt samarbeid er òg viktig for å fremja menneskerettar og demokratibygging.

 

Mange av dei interparlamentariske samarbeidsorgana Stortinget er med i har òg eit samarbeid på regjeringssida (til dømes NATO og NATOs parlamentarikarforsamling, Nordisk råd og Nordisk ministerråd osb.). Dette gjer det mogleg for dei internasjonale parlamentariske forsamlingane å koma med tilrådingar, både til nasjonale regjeringar og til det internasjonale regjeringssamarbeidet.

 

Attåt det arbeidet stortingsrepresentantane legg ned i internasjonalt arbeid, har òg fagkomiteane kontakt med fagkomitear i andre parlament, både på reise og ved gjestingar til Stortinget. Utanriks- og forsvarskomiteen har internasjonale tilhøve som sitt hovudområde. Stortingspresidenten er kvart år på ei rad gjestingar til utlandet og tek imot gjester som kjem til Noreg.

 

Stortinget er med i åtte faste interparlamentariske samarbeid og ein stor del av representantane er involvert i dette.


NATO-parlamentarikarforsamlinga

Den parlamentariske forsamlinga i NATO er ein viktig bindelekk mellom forsvarsalliansen NATO og parlamenta i medlemslanda. Gjennom arbeidet i NATOs parlamentarikarforsamling er dei folkevalde med på å utforma politikken til NATO, samstundes som dei òg er med og gjev NATO ei folkeleg forankring.

(17.12.2013)

Europarådets parlamentarikarforsamling

Hovudføremålet til Europarådets parlamentarikarforsamling er å arbeida for å styrkja menneskerettane, demokratiet og rettsstaten i medlemslanda.

(17.12.2013)

OSSEs parlamentarikarforsamling (OSSE PA)

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) utfører viktig arbeid på omåde som konfliktførebygging, demokratiutvikling og menneskerettar. Han har deltakarland frå Europa, Setral-Asia og Nord-Amerika.

(17.12.2013)

Delegasjon for samband med Europaparlamentet

Delegasjonen for samband med Europaparlamentet er samansett av medlemene i utanriks- og forsvarskomiteen. Ein gong i året møter delegasjonen den tilsvarande delegasjonen frå Europaparlamentet for ordskifte og dialog knytt til det parlamentariske samarbeidet mellom Stortinget og Europaparlamentet.

(17.12.2013)

Sams parlamentarikardelegasjon til EFTA og EØS

Stortingets parlamentarikardelegasjon til EFTA og EØS har i EFTA-samanheng rådgjevande funksjonar andsynes EFTAs Råd og fungerer som bindelekk til nasjonalforsamlingane i EFTA-landa i saker innanfor det tradisjonelle arbeidsområdet til EFTA (frhandel).

(13.01.2014)

Den Interparlamentariske Union (IPU)

IPU er den einaste globale parlamentarikarforsamlinga og er ein samlingsstad for parlamentarisk dialog. IPU arbeider for å fremja fred, samarbeid og menneskerettar i alle verdsdelar. Arbeidet for å støtta utviklinga av og framleis spreiing av representativt demokrati står sentralt.

(13.01.2014)

Nordisk råd

Nordisk råd arbeider for å styrkja nordiske og regionale interesser og verdiar i ei global omverd. Eit sterkt Norden i eit sterkt Europa er eit overodna mål for arbeidet. Samarbeidet er både politisk, økonomisk og kulturelt forankra.

(13.01.2014)

Den arktiske parlamentarikarkomiteen

Den arktiske parlamentarikarkomiteen vart oppretta i 1994 som eit resultat av den fyrste parlamentariske arktiske konferanse i 1993.

(13.01.2014)

Visste du ...

at parlamentarismen vart grunnlovsfesta fyrst i 2007? Tidlegare var parlamentarismen basert på konstitusjonell sedvane.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget