Rettferd og helse
Dei fattigaste 20 prosent av befolkinga i låginntektsland ber 80 prosent av sjukdomsbyrda i verda. Kva kan Noreg gjere for å betre den globale helsetilstanden? Lars Fr. H. Svendsen (UiB) i samtale med Ole Frithjof Norheim (UiB) om rettferd og global helse.
Lars Fr. H. Svendsen er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Han har mellom anna utgitt bøkene «Kjedsomhetens filosofi» (1999), «Kunst» (2000), «Ondskapens filosofi» (2001), «Mennesket, moralen og genene» (2001), «Hva er filosofi» (2003), «Mote» (2004), «Frykt» (2007), «Arbeidets filosofi» (2011) og «Frihetens filosofi»(2013). Bøkene hans er omsett til 26 språk.
Ole Frithjof Norheim er professor ved Senter for internasjonal helse og Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen. Han er gjesteprofessor ved Harvard School of Public Health. Norheim sine forskingsinteresser er prioritering og rettferd i helsesektoren og medisinsk etikk. I juni 2013 vart han oppnemd som leiar for eit offentleg utval som skal vurdere prioriteringar i helsesektoren.
Let's Be Fair er ein arrangementsserie i Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling våren 2014. Føremålet med arrangementsserien "Let's Be Fair" er å utfordre etablerte oppfatningar av kva som er rettferdig. Kva tyder rettferd for vårt syn og forsking på økonomisk vekst, helse, bistand, samfunnsutvikling og fordeling?
I løpet av våren 2014 vil nokre av Noreg sine fremste forskarar innan ei rekkje disiplinar (økonomar, samfunnsvitarar, medisinarar, juristar og filosofar) som arbeider med temaet "rettferd" i si forsking besøke Bergen ressurssenter. Alle arrangement er gratis og opne for alle.
