Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider



Ressursside for tilsette
Om Høgskulen / Kulturfag / Forsking og utvikling /

Forsking og utvikling

Nytt prosjekt:
Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
Hovudmålet med prosjektet er å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen ut frå perspektiv knytt til omgrepet tilpassa opplæring. Les meir på
www.hivolda.no/kio



Frå nyhenda:

Ekte leik og spontanidrett i skulen
 
- Ekte leik er ein miljøavhengig, spontan og sosial aktivitet der interaksjon skjer gjennom utstrakt bruk av grovmotorisk åtferd, definerer Asbjørn Flemmen gjennom prosjektet Leikemiljø, barnet og leiken. Flemmen legg i desse dagar fram rapporten Ekte leik og spontanidrett, som byggjer på utviklingsarbeid frå Høgskulen i Volda.
 

- Dette er ein plan som skular kan nytte for å betre barn si totale utvikling, seier førsteamanuensis Flemmen frå Høgskulen i Volda. I heftet Ekte leik og spontanitet inspirerar han skular til å skape eit aktivt ute miljø.

 

- Fri leik er grunnlaget for ei stimulerande utvikling hjå barn, forklarar Flemmen. Eigen-drift-verksemd gjennom spontan sosial leik forklarar han som vår naturgitte, indre motivasjon for å meistre grunnleggjande aktivitetar.

 

 

Barna sin eigen leik

I motsetnad til organisert aktivitet, dreve av andre, er ekte, spontan leik sentralt i barn si utvikling. Ekte leik er barna sin måte å leve på, der dei sjølv avgjer kva dei skal leike, kvar, korleis og med kven denne leiken skal gå føre seg. I denne samanhangen er eit utfordrande ute miljø avgjerande.

 

- Den frie leiken er annleis enn den tradisjonelle idretten ved at den er spontan, og at reglane ikkje er sette på førehand. Den spontane, sosiale leiken er barna sin eigen. Det er dei som avgjer, organiserer og lagar reglar. Gjennom reglane skapar dei ofte ei fordeling mellom dei som tek del slik at resultatet ikkje er gitt på førehand. Det fører til at barn på ulike utviklingsnivå finn meining i å leike saman, forklarar Flemmen.

 

Flemmen si forsking i Volda har vore modell for fleire anlegg. Ved Skudeneshavn skule og fritidspark på Karmøy har dei lagt ut sine erfaringar frå arbeidet på sine heimesider.

 

Les meir i Flemmen sin artikkel om Sikkerheitsklarering av sitteleikeplassar.pdf

 

I aritkkelen ”Hvem berøver barna barndommen - toppidrettssjefen eller skolepolitikerne?” frå www.utdanning.ws gir Flemmen temaet også ei vinkling frå eit skulepolitisk perspektiv. ”

 

Skileik er også eit anleggskonsept bygd på erkjenninga av fenomenet Ekte leik og spontanidrett frå Flemmen. Adressa er www.skiforbundet.no/skileik

 

Les også eit samandrag rapporten Ekte leik og spontanidrett på Utdanningsdirektoratet si heimeside. Les også på finsk. 
Spiel und Bewegung. Über Bewegung, echtes Spiel und gefährliche Sicherheit auf Spielplätzen.
Asbjørn Flemmen. Høgskulen i Volda. 13 s.
>>
Elektronisk versjon (pdf) her

 

Real Play - a Socio-Motor Behaviour.
Asbjørn Flemmen. Høgskulen i Volda. 12 s.
Elektronisk versjon (pdf) her



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 AKF Aktuelt
Nytt prosjekt: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
13.02.2007


 Oppslagstavle
Forskingsfredag 9. november
05.11.2007

Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007


 Ledige stillingar


     Jobb ved Høgskulen i Volda?
     >>
www.hivolda.no/stilling

Oppdatert av Linda Merete Lie 01.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning