Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Internasjonalisering / Utvekslingsprogram / ERASMUS /

Kva er Erasmus?
Erasmus er EUs studentutvekslingsprogram som skal fremje samarbeid på alle plan mellom europeiske utdanningsinstitusjonar. Erasmus-programmet omfatter studentutveksling, lærarutveksling, utvikling av felles fagplanar, språkopplæring, korte intensive kurs for studentar frå samarbeidande lærestadar og mykje meir. Hovudmålet er å styrke kontakten og samarbeidet mellom europeiske universitet og høgskular for å gi studentane ei tidsmessig utdanning og breiast mogeleg internasjonal erfaring.

Noreg og Erasmus-programmet
Noreg deltar aktivt i utdanningssamarbeidet innan EU som del av EØS-avtalen. Noreg har deltatt i EUs utdanningssamarbeid sidan hausten 1992. Til no har ca. 8000 norske studentar tatt deler av sitt studium ved samarbeidende universiteter i Europa gjennom Erasmus-programmet . Meir informasjon om Erasmus-programmet for du ved å ta kontakt
med Internasjonalt kontor eller gå inn på
Senter for internasjonalt universitetssamarbeids (SIU) sine heimesider.

HVO og Erasmus-programmet
Dei siste åra har HVO verkeleg fått fart på Erasmus/Erasmus Link utvekslinga, og for vårsemesteret 2007 har vi meir enn tretti innkomande Erasmus studentar. Talet på Volda studentar som dreg ut på dette programmet er også stigande. Ikkje det minste rart, Erasmus er eit knallgodt utvekslingstilbod!

Per idag har vi utvikla eit nært samarbeid med ein del kjende universitet i Europa, og porteføljen vår er aukande. Vi legg vekt på å kvalitetssikre avtalene våre, og prøver å leggje til rette for at dei studentane som ønskjer det, skal få eit Erasmus-opphald som ein del av utdanninga i Volda.

Gjennom Erasmus-programmet kan studentar ved høgskulen ta delar av sitt studium ved samarbeidande lærestadar i Europa. Erasmus gir ikkje høve til å ta heile studie eller gradar i utlandet, men omfattar kortare studieopphald frå tre til tolv månadar som skal inngå som ein integrert del av den norske utdanningen eller graden.I tillegg får du inntil 1.600 n.kr. per månad i stipend.   

Kvifor studere i Europa?
Arbeidslivet føretrekk og stiller stadig oftare krav om at kandidatar frå universitet og høgskoler har internasjonal erfaring. Noreg har ein av Europas mest opne økonomiar, og samarbeidet med dei andre europeiske land auker stadig i omfang. Selv om vi står utanfor EU, er vi, gjennom EØS-avtalen, ein integrert del av den europeiske marknaden med fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidstakarar. Vi blir alle, både i privat og offentleg verksemd, i stadig aukende grad stilt ovanfor «internasjonale» problemstillingar.

Det vert stilt krav til gode språkkunnskapar, kulturforståing, innsikt i andre lands samfunnsliv og ikke minst det å kunne opptre internasjonalt. Gjennom eit Erasmus-studie i eit europeisk land har du høve til å få internasjonal erfaring. Du lærer språket, blir kjent med sosiale og samfunnsmessige forhold i det landet du oppheld deg, og ikke minst: du har høve til å skaffe deg vener for livet.

Veletablert samarbeid
Som Erasmus-student nyt du godt av et veletablert samarbeid mellom HVO og den utanlandske lærestaden. Det er underteikna samarbeidsavtalar som nettopp ivaretar dine interessar som utvekslingsstudent, og ofte har andre HVO-studentar vore der før deg.

Erasmus-programmet er svært godt kjent i alle europeiske land. Tusenvis av studentar frå heile Europa vert utveksla kvart år. Erasmus-studentane nyt godt av mange spesialordningar, både av praktisk og fagleg art, nettopp for å gjere oppholdet så interessant som mulig. Målsettinga er at 10% av studentane ved europeiske lærestadar skal vere «på vandring» mellom universitet og høgskular i Europa kvart år.

Felles vekttallsystem i Europa (ECTS)
For å fremje studentutvekslinga i Europa er det utviklet standardiserte kursbeskrivelser og et felles europeiske vekttallsystem
ECTS (European Credit Transfer System).

Søknad om å bli Erasmus-student
Søknad om å bli Erasmus-student går gjennom Internasjonalt kontor på Høgskulen i Volda. Du slepp tidskrevjande (og dyre) søknadsprosedyrar til utanlandske lærestadar. Antall studieplasser er avtalt på førehand, slik at du ikkje er prisgitt den vanlege søknads- og opptaksordninga. Søknadsfristene varierer ein del, men er normalt 15. mars for haustsemesteret og 15 oktober for vårsemesteret. Men vi er fleksible, og det er berre å ta kontakt også utanom fristane. 

Kor lenge kan du vere Erasmus-student?
Utanlandsstudiet skal vere på minimum tre og maksimum 12 månadar.Studieprogrammet i utlandet er ein integrert del av ditt studium ved Høgskolen i Volda. Du er med andre ord student i utlandet samstundes som du er fulltidsstudent ved HVO.Utanlandsopphaldet skal ikkje føre til lengre studietid.Tid for tid prinsippet gjeld. Fagkrinsen og studieopphaldet blir førehandsgodkjent av relevant fagavdeling ved høgskolen i samarbeid med internasjonal koordinator. Godkjenninga skjer på førehand gjennom ECTS-systemet, og det vert utarbeidd ein studiekontrakt (Learning Agreement) mellom utanlandsk lærested, HVO og deg.

Erasmus-stipend frå EU-kommisjonen i Brüssel
Erasmus-studie finansierast ved lån og stipend fra Lånekassen som vanleg utanlandsstudent. I tillegg får du Erasmus-stipend.Du må ha fullført minst eitt år av dine studie for å kunne søke om Erasmus-stipend. Erasmus-stipendet vert utrekna på grunnlag av talet på månadar du skal studere i utlandet. Fullfører du ikkje studieopphaldet ute i forhold til kontrakta, må du betale tilbake heile eller delar av stipendbeløpet. Storleiken på Erasmus-støtta varierer fra år til år, etter storleiken på bevilgninga frå EU-kommisjonen i Brüssel. Summen av støtta frå Lånekassen og Erasmus-programmet gjer at du klarer deg godt økonomisk under opphaldet i utlandet. Hugs at det er billigare å leve og bu i dei fleste EU-land enn det er i Noreg.

Fritak for studieavgifter og skulepengar
Som Erasmus-student er du fritatt for skulepengar og studieavgifter ved utanlandsk lærestsd. Dette har mykje å seie for Erasmus-studie i m.a. Storbritannia og Irland, som gjerne har skolepengar på mellom NOK 60.000 og NOK 100.000,- for eit akademisk år.

Studentbolig
Som Erasmus-student blir du prioritert ved tildeling av plass på studentheim. Dersom det ikkje er ledig plass på studentheim, blir det ordna med alternativ bolig, anten i ei av universitetets leiligheitar/hyblar eller leilegheitar/hyblar utleigdd til universitetet av private. Ver merksam på at standarden på studentboligar i utlandet kan avvike frå det du er van med frå Noreg.

Fulle rettar som student ved din lærestad ute
Som Erasmus-student er du registrert som fulltidsstudent ved utanlandsk lærestad. Du har alle rettar på lik linje med vertslandets eigne studentar. Erasmus-studentar blir til vanleg tatt godt vare på under opphaldet, med ulike former for oppfølging og arrangement.

Kvifor bli Erasmus-student?

Du må ha lyst til å oppleve noko nytt
Den viktigaste førestnaden for å bli Erasmus-student er at du har veldig lyst til, og er motivert for, å oppleve noko nytt og spanande. Du bør ha lyst til å treffe nye vener frå heile Europa, leve i og bli kjent med ein framand kultur, ha lyst til å lære å snakke eit framand språk og ikkje minst: du må ha lyst til å studere ditt fag i nye omgjevnadar ved ein europeisk lærestad.

Språkstipend
Det er ein fordel med basiskunnskapar i språket. For å lære mest mogeleg før du dreg er det lurt å følgje med på utanlandsk TV, ta eit kassettkurs eller gjennomføre eit språkkurs. Men fortvil ikkje, ein av intensjonane med utanlandsopphaldet er jo nettopp å lære språket betre medan du er der.Ved studieopphald av 1 -2 semesters lengde får du vanlegvis tilbod om språkkurs før og under studieopphaldet ved din nye lærestad.Dersom du skal studere i eit ikkje-engelskspråklig land, og ta eit førebuande språkkurs som varer minimum fire veker, kan du søke om ekstra språkstipend fra Lånekassen. For tida er dette stipendet på kr 15000.

Studentrapport
Alle studentar som har hatt utvekslingsopphold forpliktar seg til å lage ein skriftleg rapport som leverast internasjonalt kontor innan ein månad etter at opphaldet er avslutta. Erasmus-studentar skal rapportere på databasen IRIS

To av våre tyrkiske partnarar under Erasmus Link programmet, Seval og Alpagut Yavuz, på sitt andre Volda-besøk våren 2006. Dei representerer Mustafa Kemal University, sør i Tyrkia. Kjell Holby og Cecilie Wilhelmsen er også med på bildet.  



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Cecilie Wilhelmsen 14.04.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning