|

Leonardo da Vinci er EU’s program for yrkes- og profesjonsutdanningar. Noreg deltek gjennom EØS-avtalen. Gjennom programmet kan du som student søke om stipend til å ta en praksisperiode i eit europeisk land.
Ei viktig målsetning i Leonardo-programmet er overføring av kompetanse mellom bedrifter og andre arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar. Leonardo da Vinci skal på den måten bidra til å høgne kvaliteten på produksjon av varer og tenester, og auke sysselsettingen i Europa.
Kvifor ta praksisdelen i eit anna europeisk land?
- Du får innblikk i arbeidslivet i ein annan kultur
- Du styrker dine framtidige jobbmogelegheiter gjennom auka kompetanse
- Du lærer nye arbeidsmetodar som ikkje finst i Noreg
- Du lærer eit nytt språk
Kvem kan søkje?
Du som privatperson kan ikkje sjølv søke om støtte, men høgskulen kan søke på dine vegner gjennom dei Leonardo-nettverka vi er partnar i. Høgskolen må i tillegg ha skreve ei samarbeidskontrakt med den verksemda der praksisen skal finne stad.
Ved Høgskolen i Volda vil studentar ved m.a. lærarutdanninga og medieutdanninga kunne motta midlar gjennom Leonardo-programmet, fordi ein praksisdel inngår som en obligatorisk del av disse studia. Ein kan ikkje søke om midlar til å gå på skule, dersom ikkje skulegangen er direkte knytta til praksisopphaldet.
Kor kan du reise?
Du kan reise til dei fleste land i Europa. Det vert gitt løyve til praksis i ikkje-EU-medlemsland dersom høgskolen også sender praksisstudentar til bedrifter i EU-medlemsland.
Kor lenge kan opphaldet vare
Praksisopphaldet må vare mellom 3 – 12 månadar. Du har rett på vanleg støtte fra Lånekassen medan du er ute i praksis. Når opphaldet varer i minst tre mnd., får du dessutan ein bonus i form av tilleggsstøtte fra Lånekassa, etter gjeldande reglar for utenlandsstudentar.
Leonardo-stipendet
Leonardo-stipendet kjem i tillegg til ev. støtte frå Lånekassa. Til saman består tildelinga av eit månadsstipend, eit reisestipend og eit stipend som skal gå til å dekke utgifter knytt til ev. språkopplæring. Storleiken på tildelinga kan variere noke fra år til år.
Søknadsprosessen
På Internasjonal dag vil du få informasjon om utveksling innan Leonardo-programmet. Fagleg kontaktperson på ditt studium og Internasjonalt kontor hjelper deg gjennom søknadsprosessen.
Praktiske forhold
I dei aller fleste tilfelle vil verksemda der du arbeider i hjelpe deg med bustad for heile praksisperioden. Alle praktiske forhold omkring reisa må du sjølv ta deg av – dette gjeld særleg billettar og forsikringar. Nokre land krev at du har tatt ein helsesjekk før du kan arbeide med barn og sjuke – nærare informasjon får du på Internasjonalt kontor. Hugs at enkelte europeiske land krev at du har gyldig opphaldsløyve – kontakt landets ambassade for informasjon.
Etter utanlandsopphaldet
Du som mottar Leonardo-stipend, må kunne dokumentere utgiftene du har hatt i samband med utvekslinga. Ver difor nøye med å ta vare på kvitteringar for billettar og husleige, forsikringar og andre større utgifter du har hatt. Du forpliktar deg også til å skrive ein rapport etter endt utanlandsopphald. Denne dokumentasjonen skal sendast til Leonardo-koordinator innan ein månad etter at du er kome heim.
Ønsker du mer informasjon om Leonardo da Vinci-programmet kontakt oss på Internasjonalt kontor eller se programmets norske hjemmesider.
|