|

Studieopphald i USA Studieopphald i utlandet med stipend fra Erasmus eller Nordplus omfattar berre europeiske lærestadar. Høgskulen i Volda har fleire samarbeidspartnarar i USA og vi vil arbeide for å styrke samarbeidet med spesielt Nord-Amerika og Canada.
Hvordan søke om studieopphold i USA? Søknadspapira får du på Internasjonalt kontor, og her får du også hjelp undervegs i søknadsprosessen. I framtida kan vi rekne med konkurranse om plassane, og uttaket vil då skje på bakgrunn av karakterar, engelskkunnskapar (TOEFL-test), personlege eigenskapar og motivasjon. Først etter at du har fått stadfesting frå universitetet i USA om at du er tatt opp, kan du saman med ei stadfesting frå Internasjonalt kontor, sende søknad om Visa til Den amerikanske ambassaden i Oslo.
Økonomiske forhold Du søker Lånekassen om lån og stipend for perioden i USA. Du får ei stadfesting på Internasjonalt kontor som du må legge ved søknaden om lån. Lånekassen vil deretter tildele deg lån/stipend etter gjeldande satsar. Sjølve studieopphaldet ved dei universiteta der vi har avtale treng ikkje bli vesentleg dyrare enn om du hadde valt å bli på Høgskulen i Volda, men du gjer likevel klokt i å rekne med litt ekstra pengar til reiser før, under og etter studieopphaldet.
|