BACHELOR. Heiltid, 3 år (180 studiepoeng)
Førskulelærar er utdanninga for deg som ynskjer:
- å arbeide med små energiske, spontane og fantasifulle barn
- eit arbeid med aktivitet og variasjon
- ein arbeidsplass der du får bruke fleire sider av deg sjølv og interesseområda dine
- ein arbeidsplass der det fysiske miljøet er prega av sol, vind, regn og frost
- ei kort yrkesutdanning
Kompetanse og yrkeslivFullført førskulelærarutdanning gir kompetanse for:
- pedagogisk arbeid med born i barnehage
- 1.klasse i grunnskulen
- skule-fritidsordninga
- pedagogisk arbeid med born på tilsvarande utviklingstrinn.
Kvalifikasjonar for opptak til 2–årige masterprogram. Volda tilbyr master i spesialpedagogikk.
Innhald i studiet
Fagleg innhald (obligatorisk):
- Pedagogisk teori
- Drama-Forming-Fysisk fostring
- Musikk- Matematikk-Naturfag
- Norsk-KRL-Samfunnsfag
- Praksis (sjå under)
Valfri fordjupingseining (tilbodet kan variere)
- Estetiske fag
- Utefag
- Organisasjon og leiing (nettbasert)
Organisering og arbeidsmåtar i studiet
- Faglege og tverrfaglege temablokker
Faga er organiserte slik at du ikkje har alle faga samstundes. Kvar temablokk blir avslutta med eit arbeid som går inn som eit arbeidskrav eller blir lagt i ei mappe til eksamen. Slik blir du vurdert etter den totale innsatsen gjennom året og ikkje berre ved ein kort slutteksamen.
- Undervisninga skjer i:
basisgrupper , seminargrupper og plenumsgrupper der alle studentane er samla. Det vert lagt vekt på IKT som verkty både i læring og kommunikasjon via studentane sine eigne virtuelle klasse – og grupperom. NB! Ikkje krav om føre kunnskapar i data
- Dokumentasjonsformer
Arbeidet varierer mellom skriftlege og praktiske oppgåver, rapportar, observasjonar, foto/video, framføringar og utstilllingar.
Yrkesretting / Praksis 18 veker rettleia praksis gir godt rom for ulik tilknyting til barnehagane frå år til år. Det faglege arbeidet inne på høgskulen vert gjennom oppgåver knytt opp til arbeid i praksisfeltet.
Kontaktperson: Studieleiar Gerd Sylvi Steinnes (70075267)
|