Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Grader og vitnemål / Karakterutskrift/vitnemål /

Karakterutskrift/vitnemål

Dersom du har fullført eit studium/ei eining på normert tid får du normalt tilsendt karakterutskrift eller vitnemål i posten automatisk. Alle studentar som ikkje fullfører eit studium på normert tid må be særskilt om å få tilsendt vitnemål eller karakterutskrift.

Diploma Supplement (vitnemålsvedlegg)
I Noreg vart det frå våren 2002 innført lovbestemt automatisk utskriving Diploma Supplement (DS) til alle som får vitnemål for fullført utdanning ( UH-lova § 53.1). DS er gratis for kandidatene.

Diploma Supplement er eit internasjonalt vitnemålsvedlegg. Det er laga for å gi utfyllande opplysningar om kvalifikasjonen som kandidaten har oppnådd. Den er ikkje ei erstatning for studenten sitt vitnemål, men skal vere eit supplement til dette.

DS skal gi fullgod uavhengig informasjon om kvalifikasjon i høgare utdanning slik at:

1. ein kan sikre ei rettferdig akademisk og yrkesmessig godkjenning av kvalifikasjonen på tvers av landegrensene (”international transparancy”).

2. ein kan styrkje den postakademiske mobiliteten for studentar og ferdigutdanna kandidatar på tvers av landegrensene.

Meir informasjon om Diploma Supplement finn ein på NOKUT sine nettsider  www.nokut.no Vi viser elles til Forskrift av 9. desember 2005  om eksamen og studium ved Høgskulen i Volda.

Søknad om fri bachelor
Dersom du stettar krava til ein fri bachelor må du søkje særskilt. Meir informasjon finn du her. 

Søknad om cand.mag.-grad
Etter 1.august 2005 skriv vi ikkje lenger ut cand.mag grad.

Mellombels karakterutskrift
Det er mogleg å få karakterutskrift for dei emna og eksamenane du har teke, sjølv om du ikkje har fullført eit studium eller ein grad. Ei slik karakterutskrift vil normalt ikkje vise innpassing frå andre skular, og viser ikkje alltid full studiepoengutteljing.

Duplikatvitnemål
Dersom originalvitnemål eller -karakterutskrifter er tapt kan Høgskulen i visse tilfelle skrive ut kopiar av desse. Desse kopiane blir merka med "Duplikat". Dersom det er mogleg vil kopien elles vere identisk med originaldokumentet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ingunn Nordal 31.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning