Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Grader og vitnemål / Fri bachelor /

Fri bachelorgrad

Vil du byggje deg ein individuell (fri) bachelorgrad og ikkje følgje eit ferdig program? Ønskjer du å ta kortare studium og seinare bygge saman til ein bachelorgrad? Kanskje du allereie har tatt grunnfag eller mellomfag og lurer på korleis du kan byggje vidare på dette for å få ein grad?
Ved Høgskulen i Volda kan du kombinere fag etter dine ynskje, så lenge du fyller krava som er sett.
 

Alle utdanningane våre på grunn- og fordjupingsnivå kan brukast i ein fri bachelorgrad, hos oss eller ved ein annan institusjon. Vi gjer merksam på at alle høgskular og universitet har eigne forskrifter, sjølv om mykje er likt. Det vi skriv her er krava som gjeld Høgskulen i Volda.

 

Fagleg fordjuping og støttefag

Ein bachelorgrad utgjer 180 studiepoeng (stp), tilsvarande 3 år med heiltidsstudium. Av desse 180 studiepoenga må minimum 80 stp vere innanfor eitt fag, der minimum 20 av desse må vere på fordjupingsnivå (200-nivå). I tillegg må ein ha eit støttefag i graden på minimum 30 stp. Resten av graden kan du sette saman slik du sjølv ønskjer, med ulike emne.

 

Tilknytningskrav og krav til nytt innhald

For at vi skal kunne tildele ein grad eller skrive ut vitnemål, må minst 60 studiepoeng av utdanninga, vere frå Høgskulen i Volda. Normalt skal minst 80 av studiepoenga som inngår i grunnlaget for den nye graden ikkje ha vore nytta i ein tidlegare grad.

  

Vidare utdanning

Dersom graden din er sett saman av skulefag (fag du finn i grunnskulen eller på vidaregåande), kan du ofte byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Dette gjev deg undervisningskompetanse knytt til dei skulefaga du har i graden.
Vanlegvis kan du gå vidare til masterstudium innan det fagområdet du har fagleg fordjuping i (sjå ovanfor).


Du kan lese meir om opptakskrav til PPU og masterstudium i studiekatalogen under "For søkjarar" i menyen.

 

 

Last ned søknad om fri bachelorgrad:  Nynorsk versjon   |   Bokmålsversjon  (pdf.filer)



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ingunn Nordal 31.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning