Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Hjelpesider
<< Tilbake
For studentar / Fronter, epost & studentweb / Om Fronter / Korleis bruke CF? /

Korleis bruke Classfronter?

Classfronter er eit verkty for formidling av informasjon og kommunikasjon knytt til læringsaktivitetar. Med læringsaktivitetar tenkjer ein på alt frå forelesingsnotatar til sanntids-nettdiskusjonar.

Classfronter har ulike verkty som kan brukast i tillegg til eller i staden for "tradisjonelle" verkty som f.eks. oppslagstavle, telefon, (e-)post, lysark og tavle. Ei liste over verktya tilgjengelig i Classfronter finn du her: http://fronter.info/products/no/Verktøyliste/tools.html

Dette treng du:

  • Ei datamaskin med nettlesar.
    • Vi anbefalar førebels Internet Explorer for Windows.
      (men Classfronter vert stadig betre å bruke også med andre nettlesarar og andre operativsystem)
  • Programvare for å vise / produsere dokument knytt til studiet.

Korleis kome i gong:

For å kome i gong med bruken av Classfronter treng du

Brukarnamn og nøkkel(passord).

Studentar 

Studentar får tilgang til Classfronter gjennom registreringsprosedyren. Når du har betalt semesteravgift og oppretta konto for IT-system ved HVO, på registreringssidene, får du tilgang til Classfronter neste morgon. Dette kjem av at Classfronter kvar natt får data frå vårt studieadministrative system(FS) og opprettar personar og grupper basert på denne informasjonen. Det kan difor også skje at du får tilgang til systemet, men ikkje til alle roma du skal ha, fordi du ikkje er registrert på riktige emne. Slike feil rettar du sjølv i Studentweb. Dersom du har problem med Studentweb kan du lese meir om den her, og så kontakte studentkontoret.

 

Tilsette 

I løpet av 2004 håpar vi å få synkroniserte IT-systema ved HVO også for tilsette, slik at eit passord gjeld både for Classfronter, Groupwise og tilgang til PC, men enno er ikkje systema klare for det. Tilsette får brukarnamn ved å kontakte sin avdelingsansvarlege. Endring av passord er det også avdelingsansvarleg som tek seg av.


For å få hjelp til bruken av Classfronter sjå på neste side som tek føre seg hjelp / support.

[Kven brukar Classfronter? ]

 [ Hjelp / support til Classfronter?]



Skriv ut  Skriv ut

 IKT Driftsmeldingar
IKT Driftsmeldingar:

Fronter vert ikkje oppdatert, grunna omorganisering 07.11.2007





« Tilbake
Oppdatert av  Administrator ClassFronter 08.05.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning