Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Dr.gradsstudentar / Retningslinjer for andre i dr.gradsløp /

Retningslinjer for andre i dr.gradsløp

Retningslinjer og rammevilkår for HVO-tilsette i dr.gradsløp

Vedtekne i Forskingsutvalet 3. november 2005 og 2. februar 2006

 

Fleire tilsette med doktorgrad er eit sentralt mål for HVO, og Forskingsutvalet har derfor utarbeidd retningslinjer og rammevilkår for fagtilsette som er i dr.gradsløp utan å vere stipendiatar. Formålet med dette regelverket er å skape betre, og ikkje minst like vilkår for alle som vil gjennomføre eit slikt løp. Ei nyvinning er at dr.gradsstudentar no får tilgang til driftsmidlar på same vilkår som stipendiatane. FU oppmodar avdelingane om å vere fleksible og legge tilhøva best mogleg til rette for dei som er i dr.gradsløp, til dømes ved å blokklegge undervisning, redusere administrative oppgåver m.v. Målet må vere å gi mest mogleg samanhengande tid til forsking.

 

A. Tilsette i fagstillingar som er tekne opp på dr.gradsprogram utan å vere stipendiatar

1. Tilsette som er tekne opp på doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar skal som hovudregel gjennomføre prosjektet på fem år.
                

2. I femårsperioden får kandidaten 50% FoU-tid i 4 år og to vikarstipend, dvs. 3 årsverk til saman til doktorgradsarbeidet.
           

3. ”50% FoU” er tolka slik: 45% undervisning, 5% administrasjon, 50% FoU som minstestandard.

4. Driftsmidlar: Tilsette i kategori A får same vilkår som stipendiatane.


5. Rapportering: HVO får kopi av den årlege rapporten kandidaten skal levere til doktorgrads-institusjonen.

B. Dr.philos-kategorien
Tilsette som tek sikte på dr.philos-grad skal i prinsippet ha same ressursmengd til disposisjon som kategori A, men det må lagast ein særskilt avtale med arbeidsgjevar om korleis ressursane skal takast ut. Avtalen må også innehalde ein forpliktande plan for arbeidet med krav til rapportering om framdrift. Tilsette i kategori B med avtale får same vilkår som kategori A og stipendiatane når det gjeld driftsmidlar.

 

 



Skriv ut  Skriv ut

 FoU-nytt
Nytt prosjekt: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring
13.02.2007


Oppdatert av Bente Gunn Lien 28.04.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning