|

Aktiviteten vil i 2007 vere fordelt gjennom heile året, med to hovudsamlingar: vår og haust.
Seminar
Som ein del av Prøvekluten har det kvar år òg vorte arrangert ulike seminar.
I 2007 planlegg vi eit seminar på vårparten der målgruppa er mottakargruppa (skuleleiarar og lærarar) og bidragsytarane (utøvarar innan ulike sjangrar) innafor Den kulturelle skulesekken. Målet for dette seminaret er å auke kunnskapen og respekten for dei to faggruppene sine roller og ansvar gjennom utveksling av erfaringar og synspunkt. Vi meiner at ein god kommunikasjon mellom desse to gruppene er avgjerande for den endelege opplevinga/ utbyttet eleven sit att med.
På hausten planlegg vi eit oppfylgjande seminar for det vellykka dialogseminaret som vart arrangert i november 2006, der målsetjinga var å fremje dialog mellom kunst-/ kulturinstitusjonar og produksjons-/formidlingsmiljø på regionalt og nasjonalt plan med innleiarar og deltakarar frå dei aktuelle miljøa.
Invitasjonar til søkjarar blir sendt ut i løpet av desember og januar (2006 - 2007). Om du ikkje har fått tilsendt invitasjon, og meiner dette er noko for deg, kan du laste ned informasjonsbrev og søknadsskjema på lenka under.
Det potensielle romet- møte mellom skule og kunst/kultur Seminar ved Høgskulen i Volda 26. og 27. september 2007
Informasjonsbrev og søknadsskjema (.pdf)
|