 |
Høgare utdanning har lange tradisjonar i Volda. Bildet syner Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolelærere (omgangsskulelærarar), og er frå 1862. Fotografen var ingen ringare enn Marcus Thrane. |
Historiestudiet i Volda vart oppretta i 1972.
Ved instituttet er det i studieåret 2006-07 til saman 85 studieplassar, som fordeler seg på følgjande studium/program:
Informasjon til nye studentar haustsemesteret 2007: Fagtilbod hausten 2007
Program oppstart hausten 2007
Korleis kontakte oss: Instituttleiar og studieprogramansvarleg for historieprogramma studieåret 2007-08 er Arnljot Løseth, e-post Arnljot.Loseth@hivolda.no, tlf 70 07 51 21. Studiekoordinator: Grete Marry Brøste, e-post gmb@hivolda.no, tlf 70 07 51 76.
Nokre lenker til historiefaglege vev-sider.
Instituttet har i fleire år drive førebuingar for kvalitetsreforma (Stortingsmelding 27):
- Grunnfaget vart oppdelt i emne på 15 studiepoeng (5 vekttal) allereie frå studieåret 2000-01. Tre slike emne (HI101, HI102 og HI103) dekkjer oversynspensum i norsk, europeisk og global historie frå ca 400 e. kr. til i dag inkl. metode, teori og kjeldekunnskap, medan det fjerde, valfrie emnet kan takast mellom dei emna vi tilbyr i Volda eller innpassast frå ein annan lærestad. Frå studieåret 2003-04 kan eitt 200-emne òg inngå i årsstudiet (i tillegg til HI101, 102 og 103).
- Mappe-/prosessevaluering
|