|
Sosialfag vert rekna for eit satsingsområde både på nasjonalt plan og ved Høgskulen i Volda. Institutt for sosialfag tilbyr to tre-årige sosialarbeidarutdanningar på høgskulenivå, bachelor i sosialt arbeid - barnevernspedagog og bachelor i sosialt arbeid - sosionom. I tillegg har i ei rekkje vidareutdanningar
Bachelor i sosialt arbeid - Barnevernspedagogutdanninga (3 år) - er ei sosialarbeidarutdanning retta mot barn og unge. Hovudoppgåva er å sikre og betre levevilkåra for barn og unge. Dette gjeld særskilt for dei som har sosiale og/eller psykiske problem, eller som står i fare for å få det. Studiet er organisert kring ein kjerne av fem fagområde, som er disiplininnføringar, tematiseringar og dels yrkesmetodisk orientert. Undervisninga vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med sosionomstudentane), klasseundervisning og seminar.
Bachelor i sosialt arbeid - Sosionomutdanninga (3 år) - kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper. Sosionomen skal gjennom utdanninga ha fått kunnskap om ulike arbeidsformer, og særskilt arbeidsformer der brukar er aktiv deltakar og mobiliserer eigne ressursar. Ein brukar kan vere einskildperson, gruppe eller organisasjon. Sosionomen skal ha særleg kunnskap om menneske i marginale posisjonar, deira vanskar og livsvilkår. Gjennom utdanninga skal ein få kompetanse til å synleggjere og fremme rettar og interesser som brukar har.
Rus og avhengighetsproblematikk – Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Rus og avhengighetsproblematikk - Tiltak mot rusproblem
Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet
Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet
Instituttet har 16 fagleg tilsette.
Ta kontakt for nærare informasjon: Instituttleiar Hallgerd Conradi tlf. 7007 5081 eller på e-post Hallgerd.Conradi@hivolda.no Studiekoordinator Gerd Skjong tlf. 7007 5064 eller på e-post Gerdsk@hivolda.no
|