Ny student
Her er nokre tips til deg som er ny student og skal søkje studielån for første gang.
Sjå kor mykje pengar du kan få
Du kan sjå kor mykje du kan få i studielån ved hjelp av støttekalkulatoren.
Støtta utbetalt som lån
I første omgang får du alt som lån. Når du består eksamen, vert delar av lånet ditt gjort om til stipend. Les meir om omgjering av lån til stipend.
Kor lenge kan eg få støtte?
Du kan få støtte til åtte års utdanning utover vanleg vidaregående opplæring. Dersom du tek ei Ph.d utdanning i utlandet, kan du få støtte til ytterlegare to år. Les meir om kor lenge du kan få støtte.
Utbetaling
Når du studerer i Noreg, fører vi over pengar til deg kvar månad. Den første utbetalinga er noko større enn dei resterande. Les meir om utbetaling.
Skolepengar
I Noreg kan du få opptil 50 880 kroner i ekstra lån til skolepengar. Les meir om lån til skolepengar.
Bruk nettsøknaden
Den enklaste måten å søkje om studielån er å bruke nettsøknaden. Då er du sikker på at vi får alle opplysningane vi treng og du får i tillegg raskare svar. Fristen for å søkje støtte er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Gå til nettsøknaden.
Følg søknaden på Dine sider
På Dine sider kan du følgje søknaden din frå innlevering til den er ferdigbehandla. Du kan også leggje inn hybeladresse og velge kva kontonummer du vil ha pengane til.
Du treng PIN-koden som du fekk på velkomstbrevet ditt for å logge inn på Dine sider. Har du gløymt eller mista PIN-koden, kan du bestille ny på Dine sider. Hvis du legg inn mobilnummeret ditt på Dine sider, kan du få PIN-koden på SMS.
Gå til Dine sider.