Tilsetjingsprosessen

Statleg regelverk

Lånekassen er omfatta av det statlege regelverket for tilsetjingar og personalsaker. Regelverket sikrar rettane og pliktene til arbeidsgivaren og arbeidstakaren. Vi pliktar derfor å følgje personalhandboka for staten, tenestemannslova, og eit eige personalreglement ved tilsetjingar.

Lånekassen har eigne tilsetjingsråd med representantar frå administrasjonen og fagforeiningane. Tilsetjingsråda gjer vedtak om tilsetjingar.

Intervju, innstilling og tilsetjing

Når du møter til intervju, er det til vanleg den som vil bli din nærmaste overordna som held intervjuet, saman med ein representant for dei tilsette. Etter intervjuet blir det skrive ei innstilling som går til medlemmene i tilsetjingsrådet, der dei aktuelle kandidatane er førte opp i prioritert rekkjefølgje. Etter at tilsetjingsrådet har gjort vedtak om tilsetjing, tek vi kontakt med den aktuelle kandidaten. Alle søkjarar blir orienterte om kven som blir tilsett.

Sjølve tilsetjingsprosessen tek vanlegvis berre nokre få dagar etter at innstillinga er skriven. Etter at tilsetjinga er vedteken, og vedkommande har sagt ja takk til stillinga, blir det sendt eit informasjonsbrev frå personalkontoret som stadfester startdato, lønnsvilkår og tilsetjingsforhold.

postmottak@lanekassen.no