Elektronisk årsoppgåve
Dei som har gitt samtykke til elektronisk kommunikasjon på Dine sider, får årsoppgåva elektronisk, dvs. lagt i ei postkasse i Altinn. Alle andre får den på papir. Det er lurt å hente årsoppgåva i god tid før sjølvmeldingsfristen!
Altinn er ein portal der offentlige etatar kan leggje ut brev og dokument til innbyggjarane. Skatteetaten legg alle innbyggjarane sine sjølvmeldingar her.
Innlogging i Altinn
Gå til www.altinn.no og logg deg på slik:
Når du hentar årsoppgåva i Altinn, må du bruke eitt av desse alternativa:
- PIN-koden på skattekortet for 2006
- PIN-koden på sjølvmeldinga for 2004
- PIN-koden på sjølvmeldinga for 2005 (kjem i april)
- Smartkort frå Buypass
Få PIN-kode frå Altinn på SMS!
Det er lurt å registrere mobilnummeret sitt og leggje inn eit sjølvvald passord i Min profil på Altinn. Ved hjelp av det sjølvvalde passordet og fødselsnummeret ditt kan du seinare logge deg inn og få tilsendt ny PIN-kode på mobil. Legg inn eit passord som er lett å hugse! Gløymer du det, får du ikkje logga deg inn neste gang du prøver.
Bestilling av eingangskodar
Har du ikkje PIN-kodane frå skattekortet eller frå sjølvmeldinga 2004 tilgjengeleg, må du bestille eingangskodar frå Altinn. Det tek nokre dagar før du har desse kodane i posten. NB! Kodane sendast til den folkeregistrerte adressa di.
Gå til Altinn og finn årsoppgåva di under "Tjenester for privatpersoner"
Bli E-kunde i Lånekassen!
Du kan når som helst gå inn på Dine sider og gi samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen.