Inntekt og formue - høgare utdanning

Stipendet du får utbetalt, er ikkje endeleg fastsett når du får pengane, eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vil seie eitt til to år etter at du fekk pengane.

Inntekt >>

Trygd >>

Formue >>

Kva skjer dersom du går over frigrensene? >>

Inntekt

Med inntekt meiner vi brutto inntekt, det vil seie den personinntekta som blir fastsett av skatteetaten.

For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha personinntekt over desse grensene:

  Ved støtte heile kalenderåret Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår
2003 kr 100 000 kr 250 000
2004 kr 104 500 kr 261 250

Utdanningsstipendet og forsørgjarstipendet blir reduserte med 60 prosent av personinntekt over grensene.

Personinntekt er summen av:

all skattepliktig brutto arbeidsinntekt
alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
dagpengar frå Aetat

Lånekassen ser bort frå:

bidrag som du eller barna dine får
alle kapitalinntekter som t.d. gevinst ved sal av bustad og annan fast eigendom, renter av bankinnskott, inntekt ved utleige av fast eigendom utanom næring, aksjeutbyte, skattepliktig gevinst ved sal av aksjar og verdipapirfond, inntekt frå utlandet osv.
Er du sjølvstendig næringsdrivande, blir personinntekta fastsett etter eigne reglar.

Trygd

For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha brutto trygd eller pensjonsyting over desse grensene:

  Ved støtte heile kalenderåret Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår
2003 kr 53 500 kr 150 000
2004 kr 55 910 kr 156 750

Utdanningsstipendet og forsørgjarstipendet blir reduserte med 60 prosent av trygdeytingar over grensene.

Med trygd og pensjonsytingar meiner vi:

  • overgangsstønad
  • rehabiliterings- eller attføringspengar
  • uførepensjon
  • barne- og attlevandepensjon

Desse ytingane blir ikkje rekna som trygd eller pensjon:

  • sjukepengar
  • fødselspengar
  • kontantstøtte
  • barnetrygd
  • ytingar som ikkje er skattepliktige

Formue

For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha nettoformue over desse grensene:

  For einsleg søkjar Samla for søkjar og ektefelle/ sambuar med felles barn
2003 kr 198 000 kr 380 000
2004 kr 206 910 kr 397 100

Har du formue over grensene, blir stipenda reduserte med to prosent per månad når du er einsleg, eller med éin prosent per månad dersom du er gift, registrert partnar eller sambuar med felles barn.

Kva skjer dersom du går over frigrensene?

Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eit eventuelt forsørgjarstipend. Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet.

Det er likningsopplysningane frå Noreg for den perioden du har fått støtte, som gjeld. Opplysningane blir overførte frå skatteetaten.

Til toppen >>