Betalingsplan hausten 2006
Lånekassen har sendt ut betalingsplan til over 60 000 studentar denne veka.
Betalingsplanen er ei oversikt over kor mykje gjeld du har og kor lang tid det tar å betale ned lånet. Det er ikkje ei regning.
Betalingsplanane blir sendt til elevar og studentar som
- ikkje har søkt om støtte for haustsemesteret 2006
- er ferdige med utdanninga
- har fått avslag på søknad om støtte
- har avbrote utdanninga
- er i deltidsutdanning hausten 2006 og fekk støtte til fulltidsutdanning våren 2006
Dersom du får støtte til fulltidsutdanning hausten 2006, kan du sjå bort fra betalingsplanen. Søknadsfristen for haustsemesteret 2006 er 15. november. Det betyr at søknaden må være komen inn til Lånekassen seinast 15. november.
Med betalingskalkulatoren kan du sjå kva som skjer dersom du planlegg å utsetje ei betaling eller å betale ned lånet raskare.
Klikk på lenkja under som passar deg best
Eg skal fortsette å studere utan studielån
Eg er ferdig med utdanninga mi og skal ikkje søkje om studielån