Ferdig med utdanninga
Etter at du er ferdig med utdanninga di, går det ca sju månader før du skal betale den første regninga di.
For deg som har fått ein betalingsplan no, betyr det at den første regninga kjem i februar 2007.
Etter du har fått den første regninga, kjem du til å få ei regning frå Lånekassen kvar tredje månad. Her er nokre tips om korleis du kan gjere nedbetalinga enklare:
Slipp gebyr med eFaktura
Dersom du vel eFaktura slipp du å betale varslingsgebyret på 35 kroner. eFaktura er i tillegg ein enkel og trygg måte å betale regningane dine på. Les meir om eFaktura.
Betale med ein gang
Du treng ikkje vente til du får den første regninga for å begynne å betale. Du kan begynne å betale så snart du er ferdig med utdanninga di, men då må du ordne det praktiske sjølv. Du finn betalingsinformasjon og KID-nummer på Dine sider. Les meir om raskare nedbetaling.
Betalingsutsetjing
Du kan søkje om betalingsutsetjing for heile eller halve beløpet. Du kan søkje om utsetjing for heile beløpet på Dine sider. Les meir om betalingsutsetjing.
Rentefritak ved arbeidsløyse
Dersom du er arbeidsledig samanhengande meir enn tre månader, kan du ha rett på rentefritak. For å få det må du registrere deg hos Aetat. Les meir om rentefritak.
Månadlig betaling
Vi sender deg ei regning kvart kvartal. Du kan likevel betale kvar månad.
Fast rente
Du kan søkje om fast rente så snart du er ferdig med utdanninga di og rentene begynner å løpe på lånet ditt. Vi gir ikkje råd i valet mellom fast eller flytande rente, du må sjølv bestemme det ut i fra din eigen økonomiske situasjon. Les meir om fast og flytande rente.
Innfri lånet
Dersom du har tenkt å innfri lånet med ein gang, vil vi gjere deg merksam på at du i kan miste stipend dersom du innfrir heile lånebeløpet. Grunnen til dette er at lån blir gjort om til stipend på etterskot. Har du lån som skal gjerast om til stipend etter bestått eksamen, må du ikkje betale inn heile lånet, men la det stå igjen eit beløp som er like stort som det som skal omgjerast. Ellers risikerer du å gå glipp av stipend. Les meir om innfriing