Fortsette å studere uten studielån
Du har fått ein betalingsplan fordi du ikkje har søkt om støtte for hausten 2006.
Betalingsplanen er ei oversikt over kor mykje gjeld du har og kor lang tid det tek å betale ned lånet. Det er ikkje ei rekning.
Pause i utdanninga
Betalinga på lånet startar sjølv om du har pause i utdanninga og planlegg å fortsette studiene på eit seinere tidspunkt. Du kan søkje betalingsutsetjing dersom du ikkje kan betale. Meiner du å ha rett på rentefritak i perioden du ikkje er i utdanning, kan du søkje om det. Les meir om rentefritak.
Er i utdanning, vil betale
Du treng ikkje å informere Lånekassen om at du er i utdanning, dersom du følgjer betalingsplanen.
Er i utdanning, treng betalingsutsetjing
Du kan søkje om betalingsutsetjing dersom du ikkje kan betale. Du treng ikkje oppgi ein spesiell grunn for å få betalingsutsetjing. Ver likevel merksam på at rentene løper sjølv om du utset betalinga. Bruk derfor mogelegheita med fornuft. Les meir om betalingsutsetjing.
Er i utdanning, vil slippe renter
Når du mottek støtte til fulltidsutdanning er lånet ditt rentefritt så lenge du er under utdanning. Dersom du ikkje mottek støtte, kan du også ha rett til rentefritak i den perioden du er under utdanning, men du må søkje om det i etterkant.
Lånet ditt blir ikkje "fryst" sjølv om du mottek støtte til deltidsutdanning. Du kan derfor søkje rentefritak når du er i deltidsutdanning, uavhengig av om du mottek støtte eller ikkje.
For å ha rett til rentefritak under utdanning må du
- bestå eksamen og sende inn dokumentasjon til oss om det
- ha rett til støtte i den tida du studerer. Det vil seie at du ikkje vil kunne få rentefritak dersom du til dømes er så forseinka at du ikke har rett til støtte eller du har brukt opp alle åra du har rett til støtte
Studerer du på deltid må du også leggje ved fødselsattest for eventuelle barn og dokumentasjon på inntekta di.